Valle kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Valle)
«Valle» omdirigerer hit. For administrasjonssenteret i kommunen, sjå Valle i Setesdal.
Valle kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Agder
Adm.senter Valle i Setesdal
Areal 1 265 km²
 - land 1 135 km²
 - vatn 130 km²
Folketal 1 205  (1. januar 2024)
Målform nynorsk
Ordførar Steinar Kyrvestad (Ap)
Kommunenr. 4221
Kart
Valle kommune
59°9′51″ N 7°28′21″ E
Wikimedia Commons: Valle
Nettstad: www.valle.kommune.no

Valle kommune er ein kommune i Agder fylke. Kommunen ligg i Setesdal og grensar i nord mot Bykle og Tokke, i aust mot Fyresdal, i sør mot Bygland, og i vest mot Sirdal. Valle kommune fekk sine nåverande grenser i 1962 då dei tidlegare kommunane Valle og Hylestad vart slegne i hop.

Garden slik han ligg på Rygnestad i Valle kommune. Vond-Åsmundloptet til høgre.
Foto: Siri Johannessen

Busetnaden i Valle er spreidd og fylgjer dalen langs elva Otra. Det er bygder ved Rysstad og administrasjonssenteret Valle. På vestsida av dalen i kommunen når heiane opp til 1434 moh. og på austsida 1337 moh. I fjellet er det vatn rike på fisk og gode fjellbeite.

Næringsliv[endre | endre wikiteksten]

I Valle kommune er husdyrhald viktig, særleg sauehald. Skogen gjev ei årleg avverking på om lag 6200 kubikkmeter i året. Industrien består av nokre mindre bedrifter i trevare- og møbelindustrien med røter i lange handverkstradisjonar. Sylvsmedkunsten har rike tradisjonar i Valle og Hylestad. Elva Otra i kommunen er bygd ut med Brokke kraftverk og Bjørgum kraftverk.[1]

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Riksveg 9 KristiansandHaukeli går gjennom Valle langs Otra. Fylkesveg 45 går frå Rotemo over fjellet til Dalen i Telemark. Ein beg går frå Brokke vestover til Sirdal. Sør for administrasjonssenteret ligg ein kommunal flyplass som vart opna i 1998.[1]

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Valle har stor turisttrafikk med turisthytter og hyttegrender i fjellet. Kommunen har ein rik folkeleg kulturtradisjon med felespel og stev. Setesdalsmuseet ligg på Rysstad. På På Bjørgum stod Hylestad stavkyrkje frå kring 1200, som nå er ein freda kyrkjegard. Portalane til kyrkja, med framstilling av scener frå Vǫlsunga saga, er nå i Universitetets oldsaksamling i Oslo. Valle har fleire gamle, freda bygningar.[1]

Folk frå Valle[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «Valle». Store Norske Leksikon. Henta 27. oktober 2013. 
  2. Bandlien, Bjørn. Ballade i Agder (3. august 2020) Klassekampen. S. 13.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]