Ab 'Ubayd al-Bakri
Utsjånad
| Ab 'Ubayd al-Bakri | |
| Verkeleg namn | arabisk أبو عبد الله البكري |
| Statsborgarskap | Córdoba-kalifatet, Taifa of Córdoba, Taifa of Seville |
| Fødd | 1014 Huelva |
| Død | |
| Yrke | geograf, historikar, botanikar |
| Språk | arabisk |
| Religion | sunniislam |
| Ab 'Ubayd al-Bakri på Commons | |
Ab 'Ubayd Abdullah al-Bakri (1014–1094) var ein muslimsk geograf og historikar frå Córdoba i Spania. Al-Bakri er ein av dei mest kjende arabiske geografane, og den viktigaste frå muslimsk Spania.
Al-Bakri skildra Europa, Nord-Afrika, Den arabiske halvøya og Kongedømmet Ghana. Han skreiv relativt objektivt om folk, byar, klima og geografi, skikkar og anekdotar.
Al-Bakri var sonen til guvernøren av Huelva, og levde heile livet sitt i Spania. Han vitja aldri områda han skreiv om, men baserte verka sine på reiseskildringar frå andre.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Spain & western Africa, history of. Encyclopædia Britannica Online. &
- Simensen, Jarle (1970). Fra utforskningen av Afrikas historie. Historisk Tidsskrift, 312-356.