Córdoba i Spania

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Córdoba
Romarbrua og byen Córdoba
Romarbrua og byen Córdoba
Flagget til Córdoba Byvåpenet til Córdoba
Flagget til Córdoba Byvåpenet til Córdoba


Plassering
Córdoba i Spania is located in
Styresmakter
Land Flag of Spain.svg Spania
Autonom region Andalucía
Provins Córdoba
Grunnlagd 200-talet fvt.
Borgarmeister Andrés Ocaña
Geografi
Flatevidd
 - By

1 252 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)
   - folketettleik

325 453
  259,9 /km²
Koordinatar 37°53′″N 4°46′″WKoordinatar: 37°53′″N 4°46′″W
Høgd over havet 120 moh
Diverse annan informasjon
Postnummer 140xx
Nettstad: www.cordoba.es

Córdoba (قرطبه eller قرطبة Qurţubaarabisk, òg kalla Cordova på enkelte språk) er ein by i Andalucía, sør i Spania og provinshovudstaden i provinsen Córdoba. Byen ligg ved elva Guadalquivir og vart grunnlagd av dei gamle romarane av Claudius Marcellus. Byen har kring 325 000 innbyggjarar.[1]

I dag er han ein mellomstor, moderne by. I gamlebyen finn ein mange arkeologiske spor frå då Córdoba var hovudstaden i Córdoba-kalifatet som styrte nesten heile Den iberiske halvøya. Det har vorte estimert at på siste halvdel av 900-talet, budde det ein halv million innbyggjarar i Córdoba, og at han dermed var den mest folkerike byen i Europa, og kanskje i verda.[2]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Romersk tempel i Córdoba.

Córdoba var hovudstaden i den romerske provinsen Hispania Ulterior Baetica. Store romerske filosofar som like Lucius Annaeus Seneca den yngre, forteljarar som Seneca den eldre og diktarar som Lucan kom frå den romerske Cordoba. Seinare var han ein viktig stad i Provincia Hispaniae i Austromarriket og i perioden under vestgotarane.

Byen vart erobra i 711[3] av muslimane og Córdoba vart hovudstad i Umayyad-kalifatet. På det største hadde byen ein stad mellom 250 000 og 500 000 innbyggjarar, men mange forskarar meiner i dag at desse tala har vokse med tida, og at det var langt færre som budde her. På 900-talet var Cordoba – eller قرطبة (Qurţuba) på arabaisk - ein av dei mest avanserte byane i verda, samt eit kulturelt, politisk og økonomisk senter. Córdoba-moskeen er frå denne tida. I 1236 var than erobra av Kong Ferdinand III under den spanske reconquista.

Patio de los Naranjos og Alminar.

Den historiske arva i Córdoba er av dei rikaste i verda og byen vart erklært ein verdsarvstad av UNESCO i 1984. Byen har òg fleire moderne område, som bydelane Zoco og jernbanedistriktet Plan RENFE.

Regionsregjeringa (Junta de Andalucía) har ei tid utforska høve for å opprette Córdoba storbyområde som i så fall vil bestå av sjølve Córdoba, og landsbyane Villafranca, Obejo, La Carlota, Villaharta, Villaviciosa, Almodóvar del Río og Guadalcázar. I dette området bur det kring 350 000 innbyggjarar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Córdoba i Spania

Kjelder[endre | endre wikiteksten]