Abbadidane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Abbadidane var eit arabisk dynasti som herska i Sevilla frå 1023 til 1091. Abbadidane vart grunnlagd då den siste kadien i Sevilla, Abu al-Kasim Muhammad ibn Abbad, erklærte Sevilla uavhengig frå det umayaddiske kalifatet i Cordoba. Kalifatet vart styrta i 1031. Då sonesonen til Abbad, Muhammad ibn Abbad al-Mutamid var truga av den kristne kongen Alfonso VI av Castilla måtte han ha hjelp frå almoraviden Yusuf ibn Tashfin, fyrsten av Marokko. Yusuf sigra over Alfonso, men vende seg deretter mot el-Mutamid sjølv og erobra Sevilla i 1091 og enda med det abbadid-dynastiet sitt velde.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]