Abdelaziz Bouteflika

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Abdelaziz Bouteflika

Statsborgarskap Algerie
Fødd 2. mars 1937
Oujda
Død

17. september 2021 (84 år)
Zéralda

Yrke politikar, diplomat, revolusjonær
Språk arabisk, fransk
Politisk parti Front de libération nationale
Medlem av Front de libération nationale, National Constituent Assembly, Revolutionary Council
Religion Islam
Ektefelle Amal Triki
Abdelaziz Bouteflika på Commons

Abdelaziz Bouteflika (2. mars 193717. september 2021) var president i Algerie frå 1999 til 2019.

Bouteflika vart fødd i Oujda i Marokko av algeriske foreldre. Han tok del i den algeriske sjølvstendekrigen og vart etter slutten av krigen og sjølvstendet i 1962 ungdoms- og sportsminister. Året etter vart han utanriksminister noko han var til 1979. Etter at president Houari Boumédienne døydde i 1978 mista Bouteflika posisjonen sin. Frå 1983 til 1989 var han i eksil i Dei sameinte arabiske emirata, Frankrike og Sveits. I 1999 vart han vald til president med 74 % av røystene i eit omdiskutert val, kontrollert av dei militære. 8. april 2004 vart han gjenvald med 85 % av røystene mot motkandidaten Ali Benflis. I 2019 trekte han seg etter folkelege protestar. Han var den lengst regjerande leiaren i landet.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Abdelaziz Bouteflika, Algeria's longest-serving president dies». BBC. 17. september 2021. Henta 18. september 2021.