Abebe Bikila

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Abebe Bikila
Abebe Bikila 1968c.jpg
Fødd 7. august 1932
Shewa
Død

25. oktober 1973
Addis Abeba

Abebe Bikila på Commons
Barbeinte Bikila under maratonløpet ved Roma, 10. september 1960

Abebe Bikila (7. august 193225. oktober 1973) var ein etiopisk langdistanseløpar som vart olympisk meister i maraton både i 1960 og 1964.

Bikila vart etiopisk nasjonalhelt etter at han vann maratonløpet under Sommar-OL 1960 i Roma. Bikila sprang berrbeint heile vegen, og tida 2 timar, 15 minuttar og 16,2 sekundar var den snøggaste maraton nokon hadde gjennomført.

Til dei olympiske leikane 1964 i Tokyo var ikkje Bikila like godt førebudd. Seks veker før tevlinga hadde han fjerna blindtarmen og dermed redusert treningsmengda. Likevel greidde Bikila å forsvare den olympiske tittelen, denne gongen med sko. Atter presterte han ny verdsbeste; 2.12.11,2.

Bikila deltok også under OL 1968 i Mexico-byen, og braut etter 17 kilometer. Løpet vart vunne av landsmannen Mamo Wolde.

I 1969 braut Bikila ryggen og vart lam etter ein bilvelt med si Volkswagen, ein bil han hadde fått av keisar Haile Selassie. Han døydde av hjerneslag i Addis Abeba, 41 år gammal.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]