Friidrett under Sommar-OL 1968

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Estadio Olimpico Universitario


Friidrettsøvingane under Sommar-OL 1968 i Mexico-byen vart avvikla i tida 13. til 20. oktober 1968. Det vart tevla i 36 øvingar, 24 for menn og 12 for kvinner. 1031 utøvarar frå 93 land deltok i tevlingane. Tevlingane fann stad på Estadio Olímpico Universitario, eit anlegg byg i 1952 som i dag har plass til vel 63 000 tilskodarar.

I den store høgda, 2 200 meter over havet, vart det sett ei rad med verdsrekordar. Særleg i sprintøvingane og øvingane for menn vart mange verdsrekordar forbetra. Den olympiske meisteren på 100 meter, Jim Hines frå USA, tangerte den offisielle verdsrekorden på manuell tid med 9,9 sekundar, og vart samstundes med 9,95 den fyrste som fekk registrert ei elektronisk tid under 10,00 på distansen. På kvinnene sin 100 meter forsvarte Wyomia Tyus frå USA OL-gullet med verdsrekord på 11,0, elektronisk tid 11,08. Tommie Smith, også USA, forbetra verdsrekorden på 200 m for menn, polske Irena Szewińska gjorde det same på kvinnene sin 200 m. Lee Evans frå USA vart fyrstemann under 44 sekundar på 400 meter, medan britiske David Hemery forbetra verdsrekorden på 400 m hekk. Australiaren Ralph Doubell tangerte verdsrekorden på 800 meter. USA sine lag på 4 x 100 m stafett for kvinner og menn, samt 4x 400 m stafett for menn, pynta alle på dei eksisterande verdsrekordane. Viorica Viscopoleanu frå Romania forbetra verdsrekorden i lengdehopp for kvinner. Langt større åtgaum vekte det at USA-amerikanske Bob Beamon forbetra verdsrekorden i lengdehopp for menn med heile 55 centimeter til 8,90 m. I tresteghopp vart verdsrekorden forbetra fem gongar av tre ulike utøvarar gjennom kvalifiseringa og finalen. Til sist vart Viktor Sanejev frå Sovjetunionen olympisk meister på sitt andre og siste rekordhopp. Margitta Gummel frå Aust-Tyskland sette ny verdsrekord i kulestøyt for kvinner. Størst åtgaum fekk likevel den olympiske meisteren i høgdehopp, Dick Fosbury frå USA, som sette olympisk rekord med si nyskapande hoppmetode der han i satspunktet vende ryggen mot lista. Den nye stilen, den såkalla Fosbury-floppen, skulle i løpet av ein periode på litt over ti år verte heilt dominerande mellom høgdehopparar.

Friidrettstevlingane vert elles hugsa for Black Power-protesten under sigersseremonien på 200 meter for menn. Gullvinnaren Tommie Smith og bronsemedaljøren John Carlos reiste begge høgrearmen i veret med ein svart hanske under avspelinga av den USA-amerikanske nasjonalsongen, ein protest mot rasediskrimineringa i heimlandet. Dei vart nekta å delta vidare i leikane.

Menn[endre | endre wikiteksten]

100 m[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Tid
1 Jim Hines Flag of the United States.svg USA 09,95 VR
2 Lennox Miller Flag of Jamaica.svg Jamaica 10,04
3 Charles Greene Flag of the United States.svg USA 10,07
4 Pablo Montes Flag of Cuba.svg Cuba 10,14
5 Roger Bambuck Flag of France.svg Frankrike 10,15
6 Mel Pender Flag of the United States.svg USA 10,17

Finale: 14. oktober

200 m[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Tid
1 Tommie Smith Flag of the United States.svg USA 19,83 VR
2 Peter Norman Flag of Australia.svg Australia 20,06
3 John Carlos Flag of the United States.svg USA 20,10
4 Edwin Roberts Flag of Trinidad and Tobago.svg Trinidad og Tobago 20,34
5 Roger Bambuck Flag of France.svg Frankrike 20,51
6 Larry Questad Flag of the United States.svg USA 20,62

Finale: 16. oktober

400 m[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Tid
1 Lee Evans Flag of the United States.svg USA 43,86 VR
2 Larry James Flag of the United States.svg USA 43,97
3 Ron Freeman Flag of the United States.svg USA 44,41
4 Amadou Gakou Flag of Senegal.svg Senegal 45,01
5 Martin Jellinghaus Flag of Germany.svg Vest-Tyskland 45,33
6 Tegegne Bezabeh Flag of Ethiopia.svg Etiopia 45,42

Finale: 18. oktober

800 m[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Tid
1 Ralph Doubell Flag of Australia.svg Australia 1.44,3 VR
2 Wilson Kiprugut Flag of Kenya.svg Kenya 1.44,5
3 Tom Farrell Flag of the United States.svg USA 1.45,4
4 Walter Adams Flag of Germany.svg Vest-Tyskland 1.45,8
5 Jozef Plachý Flag of the Czech Republic.svg Tsjekkoslovakia 1.45,9
6 Dieter Fromm Flag of East Germany.svg Aust-Tyskland 1.46,2

Finale: 15. oktober

1500 m[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Tid
1 Kipchoge Keino Flag of Kenya.svg Kenya 3.34,9 OR
2 Jim Ryun Flag of the United States.svg USA 3.37,8
3 Bodo Tümmler Flag of Germany.svg Vest-Tyskland 3.39,0
4 Harald Norpoth Flag of Germany.svg Vest-Tyskland 3.42,5
5 John Whetton Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia 3.43,8
6 Jacques Boxberger Flag of France.svg Frankrike 3.46,6

Finale: 20. oktober

5000 m[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Tid
1 Mohammed Gammoudi Flag of Tunisia.svg Tunisia 14.05,0
2 Kipchoge Keino Flag of Kenya.svg Kenya 14.05,2
3 Naftali Temu Flag of Kenya.svg Kenya 14.06,4
4 Juan Martínez Flag of Mexico.svg Mexico 14.10,8
5 Ron Clarke Flag of Australia.svg Australia 14.12,4
6 Wohib Masresha Flag of Ethiopia.svg Etiopia 14.17,6

Finale: 17. oktober

10 000 m[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Tid
1 Naftali Temu Flag of Kenya.svg Kenya 29.27,4
2 Mamo Wolde Flag of Ethiopia.svg Etiopia 29.28,0
3 Mohammed Gammoudi Flag of Tunisia.svg Tunisia 29.34,2
4 Juan Martínez Flag of Mexico.svg Mexico 29.35,0
5 Nikolaj Sviridov Flag of the Soviet Union.svg Sovjetunionen 29.43,2
6 Ron Clarke Flag of Australia.svg Australia 29.44,8

14. oktober

Maraton[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Tid
1 Mamo Wolde Flag of Ethiopia.svg Etiopia 2.20.26,4
2 Kenji Kimihara Flag of Japan.svg Japan 2.23.31,0
3 Mike Ryan Flag of New Zealand.svg New Zealand 2.23.45,0
4 Ismail Akçay Flag of Turkey.svg Tyrkia 2.25.18,8
5 Bill Adcocks Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia 2.25.33,0
6 Merawi Gebru Flag of Ethiopia.svg Etiopia 2.27.16,8

20. oktober

20 km kappgang[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Tid
1 Volodymyr Holubnytsjyj Flag of the Soviet Union.svg Sovjetunionen 1.33.58,4
2 José Pedraza Flag of Mexico.svg Mexico 1.34.00,0
3 Nikolaj Smaga Flag of the Soviet Union.svg Sovjetunionen 1.34.03,4
4 Rudy Haluza Flag of the United States.svg USA 1.35.00,2
5 Gerhard Sperling Flag of East Germany.svg Aust-Tyskland 1.35.27,2
6 Otto Bartsj Flag of the Soviet Union.svg Sovjetunionen 1.36.16,8

14. oktober

50 km kappgang[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Tid
1 Christoph Höhne Flag of East Germany.svg Aust-Tyskland 4.20.13,6
2 Antal Kiss Flag of Hungary.svg Ungarn 4.30.17,0
3 Larry Young Flag of the United States.svg USA 4.31.55,4
4 Peter Selzer Flag of East Germany.svg Aust-Tyskland 4.33.09,8
5 Stig-Erik Lindberg Flag of Sweden.svg Sverige 4.34.05,0
6 Vittorio Visini Flag of Italy.svg Italia 4.36.33,2

17. oktober

110 m hekk[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Tid
1 Willie Davenport Flag of the United States.svg USA 13,33 OR
2 Ervin Hall Flag of the United States.svg USA 13,42
3 Eddy Ottoz Flag of Italy.svg Italia 13,46
4 Leon Coleman Flag of the United States.svg USA 13,6
5 Werner Trzmiel Flag of Germany.svg Vest-Tyskland 13,6
6 Bo Forssander Flag of Sweden.svg Sverige 13,7

Finale: 17. oktober

400 m hekk[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Tid
1 David Hemery Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia 48,12 VR
2 Gerhard Hennige Flag of Germany.svg Vest-Tyskland 49,02
3 John Sherwood Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia 49,03
4 Geoff Vanderstock Flag of the United States.svg USA 49,0
5 Vjatsjeslav Skomorokhov Flag of the Soviet Union.svg Sovjetunionen 49,1
6 Ron Whitney Flag of the United States.svg USA 49,2

Finale: 15. oktober

3000 m hinder[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Tid
1 Amos Biwott Flag of Kenya.svg Kenya 8.51,0
2 Benjamin Kogo Flag of Kenya.svg Kenya 8.51,6
3 George Young Flag of the United States.svg USA 8.51,8
4 Kerry O’Brien Flag of Australia.svg Australia 8.52,0
5 Aleksandr Morosov Flag of the Soviet Union.svg Sovjetunionen 8.55,6
6 Mikhail Sjelev Flag of Bulgaria.svg Bulgaria 8.58,4
7 Gaston Roelants Flag of Belgium (civil).svg Belgia 8.59,4
8 Arne Risa Flag of Norway.svg Noreg 9.09,0

Finale: 16. oktober

4 × 100 m stafett[endre | endre wikiteksten]

Plass Land Utøvarar Tid
1 Flag of the United States.svg USA Charles Greene
Mel Pender
Ronnie Ray Smith
Jim Hines
38,24 VR
2 Flag of Cuba.svg Cuba Hermes Ramírez
Juan Morales
Pablo Montes
Enrique Figuerola
38,40
3 Flag of France.svg Frankrike Gérard Fenouil
Jocelyn Delecour
Claude Piquemal
Roger Bambuck
38,43
4 Flag of Jamaica.svg Jamaica Errol Stewart
Michael Fray
Clifton Forbes
Lennox Miller
38,4
5 Flag of East Germany.svg Aust-Tyskland Heinz Erbstößer
Hartmut Schelter
Peter Haase
Harald Eggers
38,6
6 Flag of Germany.svg Vest-Tyskland Karl-Peter Schmidtke
Gert Metz
Gerhard Wucherer
Joachim Eigenherr
38,7

Finale: 20. oktober

4 × 400 m stafett[endre | endre wikiteksten]

Plass Land Utøvarar Tid
1 Flag of the United States.svg USA Vince Matthews
Ron Freeman
Larry James
Lee Evans
2.56,1 VR
2 Flag of Kenya.svg Kenya Charles Asati
Munyoro Nyamau
Naftali Bon
Daniel Rudisha
2.59,6
3 Flag of Germany.svg Vest-Tyskland Helmar Müller
Manfred Kinder
Gerhard Hennige
Martin Jellinghaus
3.00,5
4 Flag of Poland.svg Polen Stanisław Grędziński
Jan Balachowski
Jan Werner
Andrzej Badeński
3.00,5
5 Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia Martin Winbolt-Lewis
Colin Campbell
David Hemery
John Sherwood
3.01,2
6 Flag of Trinidad and Tobago.svg Trinidad og Tobago George Simon
Euric Bobb
Benedict Cayenne
Edwin Roberts
3.04,5

Finale: 20. oktober

Høgdehopp[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Høgde
1 Dick Fosbury Flag of the United States.svg USA 2,24 OR
2 Ed Caruthers Flag of the United States.svg USA 2,22
3 Valentin Gavrilov Flag of the Soviet Union.svg Sovjetunionen 2,20
4 Valerij Skvortsov Flag of the Soviet Union.svg Sovjetunionen 2,16
5 Reynaldo Brown Flag of the United States.svg USA 2,14
6 Giacomo Crosa Flag of Italy.svg Italia 2,14

Finale: 20. oktober

Stavhopp[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Høgde
1 Bob Seagren Flag of the United States.svg USA 5,40 OR
2 Claus Schiprowski Flag of Germany.svg Vest-Tyskland 5,40 OR
3 Wolfgang Nordwig Flag of East Germany.svg Aust-Tyskland 5,40 OR
4 Christos Papanikolaou Flag of Greece.svg Hellas 5,35
5 John Pennel Flag of the United States.svg USA 5,35
6 Gennadij Blisnetsov Flag of the Soviet Union.svg Sovjetunionen 5,30

Finale: 16. oktober

Lengdehopp[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Lengde
1 Bob Beamon Flag of the United States.svg USA 8,90 VR
2 Klaus Beer Flag of East Germany.svg Aust-Tyskland 8,19
3 Ralph Boston Flag of the United States.svg USA 8,16
4 Igor Ter-Ovanesjan Flag of the Soviet Union.svg Sovjetunionen 8,12
5 Tõnu Lepik Flag of the Soviet Union.svg Sovjetunionen 8,09
6 Allen Crawley Flag of Australia.svg Australia 8,02

Finale: 18. oktober

Tresteghopp[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Lengde
1 Viktor Sanejev Flag of the Soviet Union.svg Sovjetunionen 17,39 VR
2 Nelson Prudêncio Flag of Brazil.svg Brasil 17,27
3 Giuseppe Gentile Flag of Italy.svg Italia 17,22
4 Art Walker Flag of the United States.svg USA 17,12
5 Nikolaj Dudkin Flag of the Soviet Union.svg Sovjetunionen 17,09
6 Phil May Flag of Australia.svg Australia 17,02

Finale: 17. oktober

Kulestøyt[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Lengde
1 Randy Matson Flag of the United States.svg USA 20,54
2 George Woods Flag of the United States.svg USA 20,12
3 Eduard Gusjtsjin Flag of the Soviet Union.svg Sovjetunionen 20,09
4 Dieter Hoffmann Flag of East Germany.svg Aust-Tyskland 20,00
5 Dave Maggard Flag of the United States.svg USA 19,43
6 Władysław Komar Flag of Poland.svg Polen 19,28

Finale: 14. oktober Randy Matson sette olympisk rekord med 20,68 meter i kvalifiseringa.

Diskoskast[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Lengde
1 Al Oerter Flag of the United States.svg USA 64,78 OR
2 Lothar Milde Flag of East Germany.svg Aust-Tyskland 63,08
3 Ludvík Daněk Flag of the Czech Republic.svg Tsjekkoslovakia 62,92
4 Hartmut Losch Flag of East Germany.svg Aust-Tyskland 62,12
5 Jay Silvester Flag of the United States.svg USA 61,78
6 Gary Carlsen Flag of the United States.svg USA 59,46

Finale: 15. oktober

Sleggjekast[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Lengde
1 Gyula Zsivótzky Flag of Hungary.svg Ungarn 73,36 OR
2 Romuald Klim Flag of the Soviet Union.svg Sovjetunionen 73,28
3 Lázár Lovász Flag of Hungary.svg Ungarn 69,78
4 Takeo Sugawara Flag of Japan.svg Japan 69,78
5 Sándor Eckschmiedt Flag of Hungary.svg Ungarn 69,46
6 Gennadij Kondrasjov Flag of the Soviet Union.svg Sovjetunionen 69,08

Finale: 17. oktober

Spydkast[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Lengde
1 Jānis Lūsis Flag of the Soviet Union.svg Sovjetunionen 90,10 OR
2 Jorma Kinnunen Flag of Finland.svg Finland 88,58
3 Gergely Kulcsár Flag of Hungary.svg Ungarn 87,06
4 Władysław Nikiciuk Flag of Poland.svg Polen 85,70
5 Manfred Stolle Flag of East Germany.svg Aust-Tyskland 84,42
6 Åke Nilsson Flag of Sweden.svg Sverige 83,48

Finale: 16. oktober

Tikamp[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Poeng
1 Bill Toomey Flag of the United States.svg USA 8193 OR
2 Hans-Joachim Walde Flag of Germany.svg Vest-Tyskland 8111
3 Kurt Bendlin Flag of Germany.svg Vest-Tyskland 8064
4 Mykola Avilov Flag of the Soviet Union.svg Sovjetunionen 7909
5 Joachim Kirst Flag of East Germany.svg Aust-Tyskland 7861
6 Tom Waddell Flag of the United States.svg USA 7720

18./19. oktober

Kvinner[endre | endre wikiteksten]

100 m[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Tid
1 Wyomia Tyus Flag of the United States.svg USA 11,08 VR
2 Barbara Ferrell Flag of the United States.svg USA 11,15
3 Irena Szewińska Flag of Poland.svg Polen 11,19
4 Raelene Boyle Flag of Australia.svg Australia 11,1
5 Margaret Bailes Flag of the United States.svg USA 11,3
6 Dianne Burges Flag of Australia.svg Australia 11,4

Finale: 15. oktober

200 m[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Tid
1 Irena Szewińska Flag of Poland.svg Polen 22,58 VR
2 Raelene Boyle Flag of Australia.svg Australia 22,74
3 Jennifer Lamy Flag of Australia.svg Australia 22,88
4 Barbara Ferrell Flag of the United States.svg USA 22,9
5 Nicole Montandon Flag of France.svg Frankrike 23,0
6 Wyomia Tyus Flag of the United States.svg USA 23,0

Finale: 18. oktober

400 m[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Tid
1 Colette Besson Flag of France.svg Frankrike 52,03 OR
2 Lillian Board Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia 52,12
3 Natalja Petsjonkina Flag of the Soviet Union.svg Sovjetunionen 52,25
4 Janet Simpson Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia 52,5
5 Aurelia Pentón Flag of Cuba.svg Cuba 52,7
6 Jarvis Scott Flag of the United States.svg USA 52,7

Finale: 16. oktober

800 m[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Tid
1 Madeline Manning Flag of the United States.svg USA 2.00,9 OR
2 Ileana Silai Flag of Romania.svg Romania 2.02,5
3 Maria Gommers Flag of the Netherlands.svg Nederland 2.02,6
4 Sheila Taylor Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia 2.03,8
5 Doris Brown Flag of the United States.svg USA 2.03,9
6 Pat Lowe Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia 2.04,2

Finale: 19. oktober

80 m hekk[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Tid
1 Maureen Caird Flag of Australia.svg Australia 10,39 OR
2 Pam Kilborn Flag of Australia.svg Australia 10,46
3 Chi Cheng Flag of the Republic of China.svg Taiwan 10,51
4 Patty Van Wolvelaere Flag of the United States.svg USA 10,5
5 Karin Balzer Flag of East Germany.svg Aust-Tyskland 10,6
6 Danuta Straszyńska Flag of Poland.svg Polen 10,6

Finale: 18. oktober

4 × 100 m stafett[endre | endre wikiteksten]

Plass Land Utøvarar Tid
1 Flag of the United States.svg USA Barbara Ferrell
Margaret Bailes
Mildrette Netter
Wyomia Tyus
42,88 VR
2 Flag of Cuba.svg Cuba Marlene Elejarde
Fulgencia Romay
Violetta Quesada
Miguelina Cobián
43,36
3 Flag of the Soviet Union.svg Sovjetunionen Ljudmila Sjarkova
Galina Bukharina
Vera Popkova
Ljudmila Samotjosova
43,41
4 Flag of the Netherlands.svg Nederland Wilma van den Berg
Mieke Sterk
Truus Hennipman
Corrie Bakker
43,4
5 Flag of Australia.svg Australia Jennifer Lamy
Joyce Bennett
Raelene Boyle
Dianne Burge
43,4
6 Flag of Germany.svg Vest-Tyskland Renate Meyer
Jutta Stöck
Rita Jahn
Ingrid Becker
43,6

Finale: 20. oktober

Høgdehopp[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Høgde
1 Milena Rezková Flag of the Czech Republic.svg Tsjekkoslovakia 1,82
2 Antonina Okorokova Flag of the Soviet Union.svg Sovjetunionen 1,80
3 Valentyna Kosyr Flag of the Soviet Union.svg Sovjetunionen 1,80
4 Jaroslava Valentová Flag of the Czech Republic.svg Tsjekkoslovakia 1,78
5 Rita Schmidt Flag of East Germany.svg Aust-Tyskland 1,78
6 Mária Faithová Flag of the Czech Republic.svg Tsjekkoslovakia 1,78

Finale: 17. oktober

Lengdehopp[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Lengde
1 Viorica Viscopoleanu Flag of Romania.svg Romania 6,82 VR
2 Sheila Sherwood Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia 6,68
3 Tatjana Talysjeva Flag of the Soviet Union.svg Sovjetunionen 6,66
4 Burghild Wieczorek Flag of East Germany.svg Aust-Tyskland 6,48
5 Mirosława Sarna Flag of Poland.svg Polen 6,47
6 Ingrid Becker Flag of Germany.svg Vest-Tyskland 6,46
7 Berit Berthelsen Flag of Norway.svg Noreg 6,40

Finale: 14. oktober

Kulestøyt[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Lengde
1 Margitta Gummel Flag of East Germany.svg Aust-Tyskland 19,61 VR
2 Marita Lange Flag of East Germany.svg Aust-Tyskland 18,78
3 Nadesjda Tsjisjova Flag of the Soviet Union.svg Sovjetunionen 18,19
4 Judit Bognár Flag of Hungary.svg Ungarn 17,78
5 Renate Boy Flag of East Germany.svg Aust-Tyskland 17,72
6 Ivanka Christova Flag of Bulgaria.svg Bulgaria 17,25

Finale: 20. oktober

Diskoskast[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Lengde
1 Lia Manoliu Flag of Romania.svg Romania 58,28 OR
2 Liesel Westermann Flag of Germany.svg Vest-Tyskland 57,76
3 Jolán Kleiber-Kontsek Flag of Hungary.svg Ungarn 54,90
4 Anita Otto Flag of East Germany.svg Aust-Tyskland 54,40
5 Antonina Popova Flag of the Soviet Union.svg Sovjetunionen 53,42
6 Olga Connolly Flag of the United States.svg USA 52,96

Finale: 18. oktober

Spydkast[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Lengde
1 Angéla Németh Flag of Hungary.svg Ungarn 60,36
2 Mihaela Peneș Flag of Romania.svg Romania 59,92
3 Eva Janko Flag of Austria.svg Austerrike 58,04
4 Márta Rudas Flag of Hungary.svg Ungarn 56,38
5 Daniela Jaworska Flag of Poland.svg Polen 56,06
6 Nataša Urbančič Flag of SFR Yugoslavia.svg Jugoslavia 55,42

Finale: 14. oktober

Femkamp[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Poeng
1 Ingrid Becker Flag of Germany.svg Vest-Tyskland 5098
2 Liese Prokop Flag of Austria.svg Austerrike 4966
3 Annamária Tóth Flag of Hungary.svg Ungarn 4959
4 Valentina Tikhomirova Flag of the Soviet Union.svg Sovjetunionen 4927
5 Manon Bornholdt Flag of Germany.svg Vest-Tyskland 4890
6 Pat Winslow Flag of the United States.svg USA 4877

15./16. oktober