Abrahamittar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For den vanlegaste tydinga av abrahamittisk, sjå Abrahamittiske religionar.

Abrahamittar var namnet på ei deistisk rørsle i Bøhmen i det noverande Tsjekkia som stod fram i 1782 i kjølvatnet av keisar Josef II av Austerrike-Ungarn sitt toleranseedikt. Dei hevda at dei høyrde til religionen som Abraham hadde føre omskjeringa og at dei derfor var hans rette born. Abrahamittane ville verken vera jødar eller kristne. Av Bibelen godtok dei berre læra om éin Gud, Dei ti boda og Fader vår. Rørsla vart slegen tilbake etter kort tid.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]