Abu Talul
Abu Talul | |||
אבו תלול, أبو تلول | |||
landsby | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Det sørlege distriktet | ||
Kommune | Neve Midbar | ||
Areal | 11,5 km² | ||
Grunnlagd | 2006 | ||
![]() Abu Talul | |||
Abu Talul (òg skrive Abu Tulul eller Abu Tlul, og stundom kalla El-Shihabi, arabisk skrift أبو تلول; hebraisk skrift אבו תלול) er ein beduinlandsby i Negevørkenen i Israel.
Landsbyen er busett av om lag 5 000 beduinar frå tre store familiar: Abu Talul, Abu Sulab (Abu Silb) og el-Shihabi.[1]
Abu Talul ligg nord i Negevørkenen, 10 km aust for Beer Sheva.
Historie[endre | endre wikiteksten]
Før opprettinga av Israel var Negev-beduinane eit delvis nomadisk samfunn som hadde vore gjennom ein prosess for å bli bufaste sidan osmansk styre i regionen. Dei fleste forskarane er samde i at beduinane kom til Negev kring 1800, men det er spor etter dei tidlegare òg.[2]
Under Det britiske mandatet gav ikkje styresmaktene eit lovverk til å avgjere og bevare kven som eigde landområda. For å få orden på dette vart landpolitikken til Israel i stor grad tilpassa dei osmanske landreguleringane frå 1858 som det føregåande lovverket. Dermed nasjonaliserte Israel det meste av Negev ved hjelp av statlege landreguleringar frå 1969.[2]
Israel heldt fram linja for å få fast bustad for Negev-beduinane, som dei osmanske styresmaktene tvinga på dei, og det omfatta først regulering og flytting. I 1950-åra flytta Israel to tredjedelar av Negev-beduinane til eit område som var under krigsrett.[2]
Det neste steget var å opprette sju kommunar spesielt for beduinane med betre levevilkår, skikkeleg infrastruktur og og gode offentelge tenester innan helse og utdanning. Men ikkje alle beduinane gjekk med på å flytte frå telta sine til leilegheitene og husa som staten hadde laga for dei. Kring 60% av beduinane i Israel bur i planlagde landsbyar som Ar'arat an-Naqab, medan resten bur i ulovlege heimar spreidd over heile Nord-Negev.[3]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Abu Talul» frå Wikipedia på engelsk, den 12. september 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Abu Talul Arkivert 2013-07-08 ved Archive.is, Abu Basma regionale kommune official site (he)
- ↑ 2,0 2,1 2,2 Dor Fridman. «About the Negev-beduinar». LocalEconomySeminar. Arkivert frå originalen 5. juli 2012. Henta 12. september 2015.
- ↑ beduin information, ILA, 2007 (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 15. juli 2015, henta 12. september 2015