Distrikt i Israel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
GolanhøgdeneDet nordlege distriktet i IsraelHaifa distriktHaifa distriktDet sentrale distriktet i IsraelDet sentrale distriktet i IsraelTel Aviv distriktDet sørlege distriktet i IsraelJerusalem distriktJudea and SamariaområdetVestbreiddaA clickable map of Israel.
Om dette bilete
Folketettleik etter geografisk region, underdistrikt og distrikt.

Det er seks administrative distrikt i Israel, på hebraisk kalla mehozot (מחוזות; eintal: mahoz) og arabisk mintaqah og femten underdistrikt kalla nafot (נפות; eintal: nafa). Kvart underdistrikt er vidare delt inn i naturlege regionar, som det finst 50 av.

Tala i denne artikkelen er baser tpå tala frå Israelsk statistisk sentralbyrå og omfattar alle stader under israelsk sivilt styre, inkludert dei israelskokkuperte territoria der dette er tilfelle. Derfor er Golan underdistrikt og dei fire naturlege regionane ein del av tala på underdistrikt og naturlege regionar, sjølv om dette ikkje er anerkjent av Dei sameinte nasjonane eller det internasjonale samfunnet som israelsk territorium. Folketala under for Jerusalem distrikt inkluderer på same vis Aust-Jerusalem som vart annektert av Israel, noko som heller ikkje er anerkjent av Sn eller det internasjonale samfunnet. Judea- og Samariaområdet er derimot ikkje med i talet på distrikt og underdistrikt, sidan Israel ikkje har sivilt styre i denne delen av Vestbreidda.

Jerusalem distrikt[endre | endre wikiteksten]

Jerusalem distrikt (Mehoz Yerushalayim). Folketal: 907 300

Administrativt senter: Jerusalem[1]

Det nordlege distriktet[endre | endre wikiteksten]

Det nordlege distrikt (Mehoz HaTzafon). Folketal: 1 241 900

Administrativt senter: Nasaret

  • Safed (underdistrikt) folketal: 100 500
  • Kinneret (underdistrikt) folketal: 100 300
  • Yizre'el (underdistrikt) folketal: 444 400
  • Akko (underdistrikt) folketal: 555 300
  • Golan (underdistrikt)[2] folketal: 41 000.[3]

Haifa distrikt[endre | endre wikiteksten]

Haifa distrikt (Mehoz Heifa). Folketal: 880 700

Administrativt senter: Haifa

  • Haifa (underdistrikt) folketal: 529 300
  • Hadera (underdistrikt) folketal: 351 400

Det sentrale distriktet[endre | endre wikiteksten]

Det sentrale distriktet (Mehoz HaMerkaz). Folketal: 1 770 000

Administrativt senter: Ramla

  • Sharon (underdistrikt) folketal: 389 600
  • Petah Tikva (underdistrikt) folketal: 604 600
  • Ramla (underdistrikt) folketal: 282 800
  • Rehovot (underdistrikt) folketal: 493 000

Tel Aviv distrikt[endre | endre wikiteksten]

Tel Aviv distrikt (Mehoz Tel Aviv). Folketal: 1 227 900

Administrativt senter: Tel Aviv

Det sørlege distriktet[endre | endre wikiteksten]

Det sørlege distriktet (Mehoz HaDarom). Folketal: 1 201 200

Administrasjonssenter: Beersheba

  • Ashkelon (underdistrikt) folketal: 456 000
  • Be'er Sheva (underdistrikt) folketal: 565 300

Judea- og Samariaområdet[endre | endre wikiteksten]

Judea- og Samariaområdet (Ezor Yehuda VeShomron). Jødisk folketal: 327 750 Palestinsk folketal: kring 2,5 millionar

Største jødiske og israelske by: Modi'in Illit

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Dette distriktet omfattar område erobra under seksdagarskrigen i 1967 o annektert av Israel.
  2. Okkupert i 1967 i seksdagarskrigen og ikkje internasjonalt rekna som eit israelsk område.
  3. «Regions and territories: The Golan Heights», BBC, 10 August 2010, http://news.bbc.co.uk/2/hi/middle_east/country_profiles/3393813.stm, henta 6. oktober 2014