Negev

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Negev
ørken
Ein Avdat i Zindalen i Negev
Land  Israel
Distrikt Sør
Koordinatar 30°30′0″ N 34°55′1″ E
Areal 13 000 km²
Kart
Negev
30°30′0″ N 34°55′0″ E
Wikimedia Commons: Negev

Negev (hebraisk הַנֶּגֶב, han-Néḡeḇ ; arabisk النقب, al-Naqab) er ein ørken og halvørken sør i Israel. Den største byen og det adminsitrative senteret i regionen er Beer Sheva (196 000 innb.) i nord. I sørenden ligg Akababukta og feriebyen Eilat. Fleire byar under utvikling ligg i ørkenen, som Dimona, Arad og Mitzpe Ramon, i tillegg til fleire små beduinske byar, som Rahat og Tel as-Sabi. Her finst òg fleire kibbutzar, som Revivim og Sde Boker; sistnemnde vart heimstaden til den første statsministeren i Israel, David Ben-Gurion, etter han pensjonerte seg.

Ben-Gurion universitet i Negev ligg i ørkenen med fakultet som Jacob Blaustein institutt for ørkenforsking og Albert Katz internasjonale skule for ørkenstudiar, begge i Midreshet Ben-Gurion ved Sde Boker.

I oktober 2012 kåra reisebokforlaget Lonely Planet Negevørkenen som det nest beste reisemålet i regionen i 2013 og noterte seg den pågåande utviklinga av området.[1][2]

Etymologi[endre | endre wikiteksten]

Opphavet til ordet negev kjem frå den hebraiske rota for 'tørr'. I Bibelen vert Negev òg nytta om retninga 'sør'. På arabisk vert ørkenen kalla al-Naqab, men det vart ikkje rekna som eit eige område før grensesetjinga mellom Egypt og Det osmanske riket på 1800-talet, og har ikkje noko tradisjonelt arabisk namn. Under Det britiske mandatet vart området kalla Beersheba underdistrikt.[3]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Nahal Paran i Negev

Negev dekkjer meir enn halvparten av Israel, kring 13 000 km² eller minst 55 % av arealet til landet. Det dannar ein omvendt trekant, der vestsida glir over i ørkenen på Sinaihalvøya, og den austlege grensa er Arabahdalen. Det ligg mange kulturelt og geologisk interessane stader i Negev. Av geologiske stader finn ein mellom anna tre enorme, kraterliknande makhteshim, som er unike for regionen: Makhtesh Ramon, Makhtesh Gadol og Makhtesh Katan.

Negev er ein steinete ørken. Han har ei blanding av brune, stenete og støvete fjell, med wadiar (tørre elveleie som stundom fører vatn etter regnfall) og djupe krater innimellom. Han kan delast inn i fem forskjellige økologiske regionar: nordlege, vestlege og sentrale Negev, det høge platået go Arabahdalen. Den nordlege Negev, eller Middelhavsområdet, får kring 300 mm regn i året, og har forholdsvis frodig jordsmonn. Vestlege Negev får kring 250 mm nedbør i året, med lett og forholdsvis sandete jordsmonn. Sanddynene kan her verte opp til 30 meter høge. Sentralt i Negev ligg byen Beersheba med ein årleg nedbør på 200 mm og med dårleg jord, kalla løss. Jorda er hard og vatnet har vanskar med å trengje ned i jorda, slik at erosjonen og avrenninga vert større. Det høgareliggande området Ramat HaNegev (hebraisk רמת הנגב, Negevhøgdene) ligg mellom 370 og 520 meter over havet, med ekstreme temperaturar om sommaren og vinteren. Dette området får kring 100 mm nedbør i året, med dårleg og dels salthaldig jordsmonn. Arabahdalen langs grensa til Jordan strekkjer seg 180 km frå Eilat i sør til sørenden av Daudehavet i nord. Arabahdalen er særs tørr med så vidt 50 mm regn årleg. Her er dårleg jord og lite som kan vekse utan kunstig vatning og spesialgjødsel.

Plante- og dyreliv[endre | endre wikiteksten]

Vårbløming i Negev.

Det er tynt med vegetasjon i Negev, men somme tre og planter trives her, som akasie, pistasje, retama, strandlauk og tybast.[4] Ein liten bestand av arabisk leopard, ein utryddingstrua dyreart på Den arabiske halvøya, har overlevd i Sør-Negev.[5] Negevskjelpadde (Testudo werneri) er ein kritisk utryddingstrua art som berre lever i sanden vest og sentralt i Negevørkenen.[6] Negevspissmus (Crocidura ramona) er ein musefamilien som berre finst i Israel.[7]

Klima[endre | endre wikiteksten]

Negev har eit tørt klima (Eilat får berre normalt 31 mm nedbør i året), og får særs lite regn på grunn av plasseringa aust for Sahara (i motsetnad til Middelhavet som ligg vest for resten av Israel) og ekstreme temperaturer på grunn av plasseringa ved 31 grader nord. Vanlegvis regnar det ikkje i det heile frå juni til oktober..[8]

Vêrdata for Beersheba
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Høgast målte °C 28,4 31 35,4 40,9 42,2 46 41,5 40,5 41,2 39,6 34 31,4 46
Gjennomsnittleg maks °C 16,7 17,5 20,1 25,8 29 31,3 32,7 32,8 31,3 28,5 23,5 18,8 25,7
Gjennomsnittleg min °C 7,5 7,6 9,3 12,7 15,4 18,4 20,5 20,9 19,5 16,7 12,6 8,9 14,2
Lågast målte °C −5 −0,5 2,4 4 8 13,6 15,8 15,6 13 10,2 3,4 3 −5
Gjennomsnittleg nedbør mm 49,6 40,4 30,7 12,9 2,7 0 0 0 0,4 5,8 19,7 41,9 204,1
Gns. dagar med regn 9,2 8 6,4 2,6 0,8 0 0 0 0,1 1,8 4,6 7,5 41
Kjelde: Israelsk meteorologiske institutt[9][10]


Historie[endre | endre wikiteksten]

Ein av tre akasieartar som veks på det høge platået i Negev.

Nomadar[endre | endre wikiteksten]

Nomadelivet i Negev går attende minst 4 000 år [11] og kanskje så langt attende som 7 000 år.[12] Den første urbane busetnaden vart grunnlagd av av ei blanding av kanaanittar, amalekittar og edomittar kring 2000 fvt.[11] Egypt innførte gruvedrift etter kopar og koparsmelting i både Negev og Sinai mellom 1400 og 1300 fvt.[11][13]

Bibelsk tid[endre | endre wikiteksten]

I følgje Første Mosebok kapittel 13, budde Abraham ei tid i Negev nær Kadesh etter han vart forvist frå Egypt. Seinare var nordlege Negev busett av Judea-stammen og det sørlege Negev av Simon-stammen. Negev vart seinare ein del av Kongedømet til Salomon og så ein del av Kongedømet Judea.[14]

På 800-talet fvt. utvikla og utvida gruvedrifta seg i Negev og Edom (dagens Jordan) samstundes med at Det assyriske riket kom til.[11] Beersheba var regionshovudstaden og eit handelssenter på 700-talet fvt.[11] Små busetjingar med israelittar i området kring hovudstaden eksisterte mellom 1020 og 928 fvt.[11]

Nabatearane[endre | endre wikiteksten]

Ruinar i Negev.

På 300-talet fvt. kom nabatearane til området og det vart utvikla irrigasjonsssytem som gjorde at ein kunne danne nye byar langs Negev røykjelsesveg: Avdat, Mamshit, Shivta, Haluza (Elusa) og Nitzana.[11] Nabatearane kontrollerte handelen og kryddervegen mellom hovudstaden deira Petra og hamne på Gaza. Nabateisk valuta og restane av raude og oransje potteskår, identifisert som eit varemerke for sivilisasjonen deira, finst langs vegen, og slike restar er framleis mogeleg å finne.[11] Nabatearane tapte kontrollen over Negev då Romarriket annekterte landet deira i 106 evt.[11] Folkesetnaden, som hovudsakleg bestod av arabiske nomadar og nabatearar, var hovudsakleg sjølvstendig frå romersk styre med eit animistisk trusystem.[11]

Bysantinarane og romarane[endre | endre wikiteksten]

Bysantinsk styre på 300-talet evt. innførte kristendommen for folkesetnaden.[11] Jordbruksbaserte byar vart grunnlagd og folketalet voks eksponentielt.[11]

Tidleg islamsk tid[endre | endre wikiteksten]

Sørlege Negev blømde økonomisk på 700 til 1000-talet.[15] Seks islamske busetnader er funnen i nærleiken av Eilat, i tillegg til kopar- og gullgruver og steinbrot. Dei bygde eit sofistikert vatningssystem og eit vegnettverk.[15] Det økonomiske senteret var Ayla (Akaba).[15]

Beduinar[endre | endre wikiteksten]

Al-Tarabin-stamma i Beer Sheva i 1934.

Nomadiske folk styrte Negev stort sett sjølvstendig og med liten påverknad utanfrå dei neste tusen åra.[11] Det som er kjend frå denne tida kjem hovudsakleg frå munnlege historiar og folkesoger frå Wadi Musa og Petra-området i dagens Jordan.[11] Beduinane i Negev levde av saue- og geitehald. På grunn av lite vatn og få beitemarker, måtte dei heile tida flytte på seg. Beduinane grunnla få permanente busetnader, men somme vart bygd, og etterlet restar av steinhus kalla 'baika.'[12] I 1900 grunnla Det osmanske riket eit administrativt senter for sørlege Palestina ved Beersheba med skular og ein jernbanestasjon.[11] Styret til stammehøvdingane over regionen vart anerkjend av osmanarane.[11] Ein jernbane knytte området til hamna i Rafah. I 1914 estimerte dei tyrkiske styresmaktene at den nomadiske folkesetnaden 55 000,[16] Den beduinske delen av folketalet var 72 898 av i alt 75 254 for Beersheba underdistrikt.[16] Folketeljinga i 1931 estimerte at folkesetnaden i Beersheba underdistrikt var 51 082.[17] Dette store fallet trur ein kom av feilaktige metodar for estimering av folketalet i 1922.[16] Ei arabisk historie om stammene kring Beersheba, publisert i 1934 tel i alt 23 stammer.[18]

Rahat, the largest Bedouin city i Negev

Demografi[endre | endre wikiteksten]

I dag ligg fleire av dei store basane til Det israelske forsvaret i Negev. I 2010 var Negev heimstaden til kring 630 000 innbyggjarar (eller 8,2% av innbyggjartalet i Israel), sjølv om det utgjer over 55% av landmassen i landet. 470 000 innbyggjarar i Negev eller 75% av folkesetnaden er jødar, medan 160 000 eller 25% er beduinar.[19] Beduinane bur halvvegs i ikkje-registrerte landsbyar og halvvegs i byar som regjeringa bygde for dei frå 1960-åra til 1980-åra. Den største av desse er Rahat.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Gattegno, Ilan (oktober 26, 2012). «Negev named among top ten travel destinations for 2013». Israel Hayom. Henta oktober 29, 2012. 
  2. «Best in Travel 2013 - Top 10 regions». Lonely Planet. oktober 23, 2012. Henta 1. oktober 2014. 
  3. Palestina Exploration Quarterly (April 1941). The Negev, or Southern Desert of Palestine by George E. Kirk. London. Page 57.
  4. doi:10.1007/BF02858682
  5. Gulf-Environment: Arabian Leopard Faces Extinction, arkivert frå originalen 5. mai 2016, henta 2. oktober 2014 
  6. Re-introduction - Negev tortoise, arkivert frå originalen 15. desember 2013, henta 2. oktober 2014 
  7. Crocidura ramona
  8. «Beersheba, ISR Weather». MSN. Arkivert frå originalen 17. november 2007. Henta 1. oktober 2014. 
  9. «Averages and Records for Beersheba (Precipitation, Temperatur and Records [utanom januar og juni] written i page)». Israelsk meteorologiske institutt. August 2011. 
  10. «Records Data for Israel (data berre for januar og juni)». Israelsk meteorologiske institutt. 
  11. 11,00 11,01 11,02 11,03 11,04 11,05 11,06 11,07 11,08 11,09 11,10 11,11 11,12 11,13 11,14 11,15 Mariam Shahin. Palestine: A Guide. (2005) Interlink Books. ISBN 156656557
  12. 12,0 12,1 Israel Finkelstein; Avi Perevolotsky (Aug 1990). «Processes of Sedentarization and Nomadization in History of Sinai and the Negev». Bulletin of the American Schools of Oriental Research (279): 67–88. 
  13. J. M. Tebes (2008). «Centro y periferia en el mundo antiguo. El Negev y sus interacciones con Egipto, Asiria, y el Levantene en la Edad del Hierro (1200-586 A.D.) ANEM 1. SBL - CEHAO» (PDF). uca.edu.ar. 
  14. The Negev: The Challenge of a Desert, Michael Evenari
  15. 15,0 15,1 15,2 Uzi Avner and Jodi Magness (1998). «Early Islamic settlement i Southern Negev». Bulletin of the American Schools of Oriental Research 310: 39–57. doi:10.2307/1357577. 
  16. 16,0 16,1 16,2 Palestina, Report and General Abstracts of the Census of 1922, oktober 1922, J.B. Barron, Superintendent of the Census, pages 4,7
  17. Census of Palestina 1931, Volume I. Palestina Part I, Report. Alexandria, 1933, p49.
  18. Palestina Exploration Quarterly. (oktober 1937 & January 1938) Notes on the Bedouin Tribes of Beersheba distrikt. by S. Hillelson. Translations from A Historie of Beersheba and the Tribes thereof (Ta'rikh Bir al-Saba' wa qaba'iliha). by 'Arif al-'Arif.
  19. «A Bedouin welcome - Israel Travel, Ynetnews». Ynetnews.com. 20. juni 1995. Henta 2. oktober 2014. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Reiseguide for Negev frå Wikivoyage