Acetylen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Acetylen, systematisk namn etyn, er eit hydrokarbon med formel C2H2 som høyrer til alkyngruppa. Acetylen vert rekna for å vera det enklaste av alkyna, fordi det berre inneheld to hydrogenatom og to karbonatom. Gassen brenn med ein lys flamme som sotar mykje. I rein tilstand er han luktfri, men framstilt acetylen har ei laukliknande lukt på grunn av dei kjemiske prosessane ved framstillinga.

Acetylen vert nytta til sveising og skjerebrenning av stål.

Acetylen vert framstilt av kalsiumkarbid og vatn:

CaC2 + 2 H2O -->C2H2 + Ca(OH)2

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Acetylen
Spire Denne kjemiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.