Adelheid av Meissen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Adelheid av Meissen
Føddca. 1160
Meißen
Død2. februar 1211
Meißen
TittelDronning av Böhmen
FøregangarJudith av Thüringen
EtterfylgjarConstance av Ungern
Alle titlarHertuginne av Böhmen (1192–1193)
Hus eller slektHuset Wettin
GravstadMeißen
LandDet tysk-romerske riket
MorHedwig av Ballenstedt
FarOtto
EktefelleOttokar I av Böhmen
BarnDagmar av Danmark, Božislava, Vratislav

Adelheid av Meissen (11601211) var ei dronning av Böhmen. Ho var gift med kong Ottokar I av Böhmen frå 1178 til 1199.

Adelheid og Ottokar møtte kvarandre på 1170-talet, då Ottokar var i eksil i Tyskland. Dei gifta seg i 1178, utan løyve frå familiane sine, kanskje på grunn av ein svangerskap. Dei busette seg i Böhmen, og fekk minst fire barn saman. I 1193 blei paret nøydd til å forlata Böhmen og venda tilbake til Tyskland. Adelheid budde hjå bror sin, markgreve Albrekt I av Meissen, medan Otto blei leigesoldat for tyske fyrstar. Paret gleid etterkvart frå kvarandre.

Ruinane av des Heiligen Kreuzes kloster i Meissen, der Adelheid levde dei siste åra av livet.

Då Ottokar drog til Böhmen igjen som fyrste i 1197 etter å ha forsona seg med bror sin, Vladislaus, var Adelheid ikkje med han. Kort tid etter prøvde Ottotka å få ekteskapet sitt annullert på grunn av slektskap, og erklærte eldstesonen og arvingen Vratislav som uektefødd. Ottokar og Adelheid stamma begge frå Henrik av Schweinfurt og Mieszko II Lambert av Polen nokre slektsledd tilbak, og var anten fem- eller seksmenningar. I 1199 gifta Ottokar seg opp att med Konstanse av Ungarn, som var dotter av kong Béla III av Ungran og ein femmenning av Ottokar.[1]

Adelheid godtok ikkje annulleringa eller erklæringa av barna sine som uektefødde, og kom til Böhmen i 1205 med døtrene sine. Ho bad om hjelp frå Hohenstaufen-familien og pave Innocens III. Ho fekk ein del støtte, og i 1205 kunne Adelheid dra til Praha for ei tid. Den første sonen hans med Konstanse hadde nettopp døydd, og Ottokar bestemte seg for å gifta bort dottera si med Adelheid, Margareta (Dagmar), til kong Valdemar II av Danmark. Etter at Konstanse fødde ein son same året måtte Adelheid og døtrene forlata landet. Ho slo seg ned på eit kloster i Meissen. Adelheid gav ikkje opp kampen, men etter fleire år erklærte paven oppløysinga av ekteskapet som gyldig.

Barn[endre | endre wikiteksten]

Adelheid fekk minst fire barn med Ottokar:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Wihoda 2015, s. 299.

Kjelder