Dagmar av Danmark

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Denne artikkelen handlar om mellomalderdronninga. For den seinare prinsessa med same namn, sjå Maria Fjodorovna.
Dagmar
Dagmar of Bohemia-Herman Wilhelm Bissen.jpg
Statue av dronning Dagmar utført av Herman Wilhelm Bissen.
Dronning av Danmark
Regjeringstid 1205–1213
Hus Huset Přemysl
Fødd 1186
Meißen
Død

24. mai 1212
Ribe

Gravlagd St. Bendts kyrkje
Far Ottokar I av Böhmen
Mor Adelheid av Meissen

Dronning Dagmar av Danmark (d. 24. mai 1212), fødd som prinsesse Margaretha (Markéta) av Böhmen, var ei dansk dronning gift med kong Valdemar Sejr og mor til prins Valdemar den unge.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Dagmar (Dragomir) blei fødd i kongsborga Vyšehrad i Praha på slutten 1100-talet. Nøyaktig fødselsår er ukjend. Foreldra hennar var Přemysl Ottokar I av Böhmen og den første kona hans, Adelheid av Meissen. Faren blei hertug av Böhmen i 1192, men avsett att i 1193. Familien forlét då Böhmen. Adelheid busette seg med borna hjå broren, Albert av Meissen. Ottokar blei hertug av Böhmen att i 1197. I 1199 fekk han ekteskapet med Adelheid oppløyst på grunn av ulovlege blodsband, og gifta seg med kongsdottera Constance av Ungarn. Adelheid godtok ikkje skilsmålet, og kom til Praha for eit kort opphald i 1205. På denne tida blei giftarmålet til Dagmar arrangert.

Minnetavle for dronning Dagmar i St. Bendts kyrkje i Ringsted.

Dagmar blei gift med den danske kongen Valdemar Sejr i Lübeck i 1205. Ho fødde Valdemar den unge i 1209. Ho døydde i barsel i 1212 på borga Ribershus i Ribe, og blei gravlagd i St. Bendts kyrkje i Ringsted. Den nyfødde sonen hennar døydde også.

Valdemar Sejr gifta seg med Berengária av Portugal i 1214. Valdemar den unge blei medkonge for Slesvig i 1218, men omkom ved ei jaktulukke i 1231.

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Statue av Dagmar i Ribe.

Lite er kjend om dronning Dagmar som person, sjølv om ho er framstilt på ein idealisert måte i mange danske folkeviser. Ifølgje Rydårbogen (1250) påverka ho Valdemar til å sleppa fri fienden sin, biskop Valdemar av Slesvig, i 1206. Omtalen i folkeviser teikner henne gjerne som ei mild, god, gufryktig og mykje omtykt ideell kristen dronning, ein kontrast til den upopulære etterfølgjaren sin Berengaria (Benggerd).

Folkevisa «Dronning Dagmars død» fortel gjennom mange vers om sjukdommen og døden hennar i barsel, og ender med «I Ringsted, der hviler dronning Dagmar». På Riberhus er det sett opp ein minnestatue av henne.

Dagmar-krossen

Ein brystkross som er blitt kjend som Dagmar-krossen blei funnen i grava til dronning Dagmar då denne blei opna rundt 1690. Gullsmykket er av bysantinsk opphav og er danna av eit krusifiks med portrett av Kristus i midten og Basilios den store, John Chrysostomos, jomfru Mari og Johannes evangelisten rundt.[1]

Den danske prinsessa Dagmar av Danmark (1847-1928), kjend som tsarina Maria Fjodorovna, var kalla opp etter dronning Dagmar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Sommerville, Maxwell (1894). The Encyclopaedia Britannica, Volume 6. s. 542.