Adrien-Marie Legendre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Adrien-Marie Legendre
Legendre.jpg
Fødd18. september 1752
Paris
Død10. januar 1833
Paris
NasjonalitetFrankrike
Områdetalteori
Yrkematematikar, universitetslærar
InstitusjonarÉcole Polytechnique
École Militaire
École normale supérieure
Bureau des Longitudes
Alma materUniversitetet i Paris
Collège des Quatre-Nations
MedlemDet franske vitskapsakademiet
American Academy of Arts and Sciences
Det prøyssiske vitskapsakademiet
Accademia Nazionale delle Scienze detta dei XL
Royal Society
Académie française

Adrien-Marie Legendre (18. september 175210. januar 1833) var ein fransk astronom og matematikar. Han leverte viktige bidrag til statistikk, talteori, abstrakt algebra og matematisk analyse.

Han var først professor ved École militaire frå 1775 til 1780, og vart i 1783 medlem av Det franske vitskapsakademiet og var medlem av fleire offentlege kommisjonar. Han var òg etterfølgjaren til Lagrange i Bureau des longitudes. Legendre skreiv mange avhandlingar om forma og tiltrekkinga til himmellekamar. I 1805 skreiv han ei avhandling om å rekne ut kometbanar og nytta for første gong minste kvadrats metode, som han oppdaga sjølvstendig av Carl Friedrich Gauss.

I 1787 var Legendre saman med Domenico Cassini og Pierre Méchain leiar for ei gradmåling for å bestemme den gjensidige plasseringa av observatoria i Paris og London.

Om funksjonar skreiv han Exercices de calcul intégral etc. i 1807 og i 1827 Traité des fonctions elliptiques (3 bind). Det siste bindet vart skrive som eit tillegg for å framstille resultat til Niels Henrik Abel og Carl Gustav Jacob Jacobi. Essai sur les nombres frå 1798 vart seinare utvida til den viktige læreboka Théorie des nombres.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]