Aegis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Athena Parthenos med aegis.

Aigis eller aegis (norske former ægide eller egide) er eit skjold i gresk mytologi, som regel skjoldet til ein gud.[1] Det viser ofte til skjoldet eller brystharnisket som Athene fekk av faren sin Zeus. Dette var av geiteskinn,[2] med hovud og slangar frå Medusa støypt inn i bronse av Hefaistos.[3] Om ein såg på det ville ein bli svært redd og få panikk.

I Homer sine verk er skjoldet knytt til Zevs, som har tilnamnet aigiochos. Han har fått skjoldet av Hefaistos, og låner det til Apollo. I tida etter Homer var skjoldet meir knytt til Athene enn Zevs.[4] I sinare soger var Aegis namnet på eit monster som Athene drap og deretter brukte skinnet av. Det blei også sagt at skjoldet var laga av skinnet til Amalthea, geita som hadde amma Zevs. Herodot hevda at kleda og skjoldet til Athene etterlikna utstyret til libyske kvinner.[4]

Ein hadde truleg ein heilag aegis i Aten til rituell bruk. Aleksander den store og seinare hellenistiske herskarar og seinare romerske keisarar brukte aegis i avbildingar.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Cresswell, Julia (1. januar 2010). «Aegis» (på engelsk). Oxford University Press. ISBN 9780199547920. doi:10.1093/acref/9780199547920.001.0001/acref-9780199547920-e-97. 
  2. Knowles, Elizabeth KnowlesElizabeth (1. januar 2006). «Aegis» (på engelsk). Oxford University Press. ISBN 9780198609810. doi:10.1093/acref/9780198609810.001.0001/acref-9780198609810-e-91. 
  3. «Aigis». Store norske leksikon (på norsk). 20. februar 2018. 
  4. 4,0 4,1 4,2 Sourvinou-Inwood, Christiane Sourvinou-InwoodChristiane (20. desember 2012). «Aegis» (på engelsk). Oxford University Press. ISBN 9780199545568. doi:10.1093/acref/9780199545568.001.0001/acref-9780199545568-e-89.