Afrodite
| Afrodite | |||
| | |||
| Opptrer i | Hades | ||
|---|---|---|---|
| Identifisert med | Venus, Astarte | ||
| Mor | Dione, Evonyme, Gaia | ||
| Far | Zevs, Uranos | ||
| Ektefelle | Hefaistos | ||
| Sambuar | Ankhises, Butes, Faëthon, Adonis, Ares, Hermes, Dionysos, Poseidon, Phaethon, Zevs | ||
| Barn | Anteros, Deimos i gresk mytologi, Eros, Phobos, Harmonia, Himeros, Hermafroditos, Hymenaios, Priapos, Rhodos, Eryx, Tyche, Peitho, Aeneas, Polycaon, Golgos, Adrestia, Khariter, Lyrus, Phthonus | ||

Afrodite (gresk Ἀφροδίτη, 'kome fram av skum'),[1] er gudinna for kjærleiken, det fruktbare, gleda og venleiken i den gamle greske mytologien. Ho svarar til Venus i den romerske mytologien.[2] Diktaren Homer sa at ho er dotter av Zevs og gudinna Dione,[3] og forfattaren Hesiod at ho var fødd av havet, som hadde vorte svanger med henne av di Uranos' penis fall i havet etter at han vart kastrert av sin eigen son, Kronos.[4]
Dyrkinga av Afrodite var i stor monn avleia frå dyrkinga av den fønikiske gudinna Astarte og den babylonske Ishtar.[2] Dei viktigaste kultsentra for afroditedyrkinga var i Kýthira, på Kypros, i Korint og i Aten. Den store Afrodisia-festivalen vart feira kvart år midt på sumaren. I Lakonía vart Afrodite tilbeden som ei krigargudinne.
I Hesiods dikt Theogonien vert Afrodite fødd i havet utanfor Kýthira frå sæden til Uranos. Hesiod kallar henne difor også Kythireia. Homer meiner ho er dotter til Zevs og Dione. I Platons Symposion vert det hevda at det finst to utgåvar av Afrodite; Afrodite Urania («den himmelske») og Afrodite Pandemos («den folkelege»). Det er noko uklårt kva Platon la i dette.[5]
Afrodite vart gift med meistersmeden og guden for smier, eld og vulkanar, Hefaistos, men ho hadde fleire utanomekteskaplege eventyr, og fekk ifylgje Homers Odysseen sonen Eros med krigsguden Ares.[6] I Den homeriske hymna til Afrodite forfører ho den trojanske prins Ankhises og vert mor til helten Aeneas.[7] I Ovids Metamorfoser vert Afrodite elskerinna til Adonis som seinare vart drepen av eit villsvin.[8]
Afrodite var også ei av dei tre gudinnene, saman med Atene og Hera, som tevla om gulleplet som skulle gjevast til «den fagraste». Den trojanske prins Paris var satt til å dømme mellom gudinnene og gav eplet til Afrodite av di ho hadde lova han den vakraste kvinna i verda, dronning Helena av Lakonia. Dette skal ha gjeve opphav til utbrotet av Trojakrigen.[9]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Ἀφροδίτη, Wiktionary
- 1 2 Field, D.M. (1977). Gresk og romersk mytologi. London: Hamlyn. s. 65-66.
- ↑ Homer (2002). Iliaden. Oslo: Aschehoug. s. 80. ISBN 8203185541.
- ↑ Hesiod (2014). Theogonien ; Arbeid og dager ; Skjoldet. Oslo: Gyldendal. s. 37-38 (line 188-200). ISBN 9788205446601.
- ↑ Platon (1953). Drikkegildet i Athen. Oslo: Dreyer. s. 38.
- ↑ Homer (2000). Odysseen. Oslo: Gyldendal. s. 113-114. ISBN 8205270260.
- ↑ «Homeric Hymn to Aphrodite». Perseus Tufts.
- ↑ Ovid (2024). Metamorfoser. Sett om av Thea Selliaas Thorsen. Gyldendal. s. 426-428. ISBN 9788205587762.
- ↑ Vandvik, Eirik (1963). Blant gudar på Olymp. Oslo: Det norske samlaget. s. 189.