Agnar Lirhus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Agnar Lirhus
Nasjonalitet Norsk
Fødd 4. juli 1978 (41 år)
i Moss
Yrke Forfattar
Periode 2005-
Debut Skogen er grønn

Agnar Lirhus (fødd 4. juli 1978 i Moss)[1] er ein norsk forfattar og musikar.

Han har studert klassisk gitar ved Norges musikkhøyskole, allmenn litteraturvitskap og norsk grammatikk ved Universitetet i Oslo[2][3] og gått forfattarstudiet ved Høgskulen i Telemark.[4][2] Han spelte tidlegare i bandet Superfamily.[3]

Lirhus debuterte som forfattar med romanen Skogen er grønn i 2005[5] og har sidan gjeve ut ei diktsamling og fire romanar.[5][6]

Bøker[endre | endre wikiteksten]

  • 2005 – Skogen er grønn – Roman
  • 2006 – Til øya – Roman
  • 2009 – Mount Tupelo – Roman
  • 2010 – Affektlære – Roman
  • 2011 – Oss – Diktsamling
  • 2013 – Historien om oss – Roman

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

  • 2011 – Bokhandelens forfatterstipend[7]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. ««Agnar Lirhus (04.07.1978)»». forfatterkatalogen.no (Norsk Forfattersentrum). Henta 9. mars 2013. 
  2. 2,0 2,1 Marit Sunnanå Aalrust (8. november 2006). ««Skrev seg ferdig med skolegangen»». Universitas. Henta 9. mars 2013. 
  3. 3,0 3,1 Eva Nyhaug (30. september 2010). ««Agnar Lirhus bruker sin egen historie i ny roman»». Moss Avis. Henta 9. mars 2013. 
  4. Maria Børja (14. november 2005). ««En ny dikter»». Dagbladet. Henta 9. mars 2013. 
  5. 5,0 5,1 ««Agnar Lirhus»». Nettstaden til Forlaget Oktober. Henta 9. mars 2013. 
  6. ««Utgivelser»». Nettstaden til House of Foundation. Henta 9. mars 2013. 
  7. ««Forfatterstipend til Lirhus og Aasprong»». Nettstaden til Bokhandlerforeningen. Henta 9. mars 2013. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]