Ahn Young-Hak

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
안영학
Ahn Young-Hak
AhnYH080413.jpg
Fullt namn Ahn Young-Hak
(koreansk: 안영학)
Fødd 25. oktober 1978
Kurashiki i Japan
Høgd 182 cm
Posisjon Midtbane
Klubbinformasjon
Spelar for Omiya Ardija
Draktnummer 5
Klubbar*
År Klubb Kampar (mål)
2002-04
2005
2006-07
2008-09
2010-
Japan Albirex Niigata
Japan Nagoya Grampus
Sør-Korea Busan I'Park
Sør-Korea Suwon Bluewings
Japan Omiya Ardija
94 (7)
21 (0)
39 (5)
18 (2)
0 (0)
Landslag
2007- Nord-Korea Nord-Korea 22 (2)

Klubbkampar og mål i nasjonal liga  
sist oppdatert 14. januar 2010.

Ahn Young-Hak, med revidert transkripsjon An Yeong-hak (fødd 25. oktober 1978 i Kurashiki i Chūgoku-regionen i Japan) er ein nordkoreansk-japansk fotballspelar som spelar på midtbanen for Omiya Ardija i den japanske J-ligaen, og for det nordkoreanske landslaget.

Ahn vart fødd og voks opp i Japan av koreanske foreldre. Han gjekk på ein skule som ideologisk identifiserte seg med Nord-Korea. Han er nordkoreansk statsborgar, og har ikkje japansk pass.[1]

Klubbkarriere[endre | endre wikiteksten]

I 2002 begynte han karrieren sin som profesjonell fotballspelar i den japanske andredivisjonsklubben Albirex Niigata, der han var med på å vinna opprykk i 2003. Før 2005-sesongen gjekk han til Nagoya Grampus Eight, før han drog til Sør-Korea og Busan I'Park i K-ligaen i 2006. Frå 2008 til 2009 spelte han så for Suwon Samsung Bluewings, også i K-ligaen, der han var med på å vinna seriemeisterskapen i 2008 og cupen i 2009. I 2010 vende han attende til Japan og førstedivisjonsklubben Omiya Ardija.

Landslagskarriere[endre | endre wikiteksten]

Ahn har spelt for Nord-Korea sitt landslag sidan 2002. Under kvalifiseringa til fotball-VM i 2006 spelte han i fem kampar, og i 2008 spelte han for Nord-Korea i austasiameisterskapen. Elles spelar han sjeldan i landskampar utanom offisielle FIFA-kampar. Under den vellukka kvalifiseringa til fotball-VM i 2010 spelte han 13 av kampane, og var ein av hjørnesteinane på laget.[2]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. guardian.co.uk: Chosun one prepares for crucial qualifier (25. mars 2008)
  2. fifa.com: Korea DVR zurück auf der Weltbühne (16. okt. 2009)



Denne artikkelen begynte med ei omsetjing frå tysk wikipedia 8. juni 2010.