Aiguntraktaten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Områda som vart avståtte til Russland i 1858 (Aigun, beige) og i 1860 (Peking, raudt).

Aiguntraktaten (kinesisk skrift 瑷珲条约, pinyin Aìhún Tiáoyuē, russisk Айгунский договор) vart inngått mellom Russland og Qing-Kina den 28. mai 1858 i den mandsjuriske byen Aigun.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Traktaten føyer seg inn i rekkja av «ulikeverdige traktatar» som den gongen vart påtvinga Kina av framande makter. Den russiske sida vart leia av generalguvernøren av Aust-Sibir, Nikolaj Nikolajevitsj Muravjov-Amurski og med Nikolaj Ignatiev som rådgjevar, den kinesiske ved den øvstkommanderande for den kinesiske hæren, Yishan.

Traktaten vart ratifisert den 14. juni 1858 av den kinesiske keisaren og den 20. juli av den russiske regjeringa.

Kina hadde ved ein tidlegare traktat, Nertsjinsktraktaten av 1689, fått definert nordgrense si eit godt stykke nord for elva Amur, men kinesarane hadde aldri etablert seg effektivt nord for elva eller etablert varige vesentlege handelsstasjonar. Etter kvart hadde russarane de facto byrja å gjera seg meir gjeldande i området. Blikket til det kinesiske keisarriket var vendt mot meir akutte utfordringar, ikkje minst i 1850 til 1864 under Taipingopprøret i dei sørleg-sentrale delane av det eigenlege Kina.

Traktaten føydde seg også inn i rekkja av russisk ekspansjonisme austover til Amur-området og Den fjerne austen. Ei særleg viktig rolle for denne ekspansjonen var Amur-ekspedisjonen leia av den russiske forskaren Gennadij Ivanovitsj Nevelskoj. Den russisk-kinesiske grensa vart flytta til fordel for Russland; den venstre breidda av elva Amur frå elva Argun og til havsmunninga vart no russisk. Området austom elva Ussuri og til havet vart «inntil vidare» definert som «område til felles utnytting». Andre statar vart nekta tilgjenge til seilas langs desse elvene.

Dermed tapte Kina store delar av Mandsjuria som var vorte anerkjent som kinesisk ved Nertsjinsktraktaten i 1689.

Aiguntraktaten vart revidert ved Pekingkonvensjonen allereie to år etter; på nytt i kinesarane sin disfavør.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Jonathan D. Spence: Chinas Weg in die Moderne. München 2001. ISBN 3423307951
  • Michael Weiers (red.): Die Verträge zwischen Russland und China, 1689-1881. Bonn: Wehling, 1979.