Hopp til innhald

Air Iceland Connect

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Air Iceland Connect

Skipa1997
Nedlagd15. mars 2021 (slått saman med Icelandair)[1]
HovudkontorReykjavík
LandIsland
Nettstadhttp://www.airiceland.is
Fokker F-50 frå Air Iceland i 2007.
Foto: Scott Wright

Air Iceland Connect, tidlegare Flugfélag Íslands, var eit flyselskap med base i Reykjavík på Island.[2] Flyselskapet flaug til ulike destinasjonar på Island, Grønland og Færøyane (med Atlantic Airways). Reykjavík lufthamn og Akureyri lufthamn.[3] Selskapet tilhøyrde Icelandair Group,[4][5] og vart slått saman med Icelandair i 2021.[1]

Selskapet vart stifta i Akureyri av Tryggvi Helgason som Nordurflug. I mai 1975 vart namnet til selskapet endra til Flugfelag Nordurland. Ei seinare omorganisering og samanslåing av Icelandair Domestic og Norlandair (Flugfélag Nordurland) førte til namnet Flugfélag Íslands i 1997. Etter å ha nytta namnet Air Iceland i fleire år, kunngjorde selskapet eit nytt namn, Air Iceland Connect, i 2017.[6] Endringa av eit islandsk namn til eit engelsk vart kritisert som eit åtak på det islandske språket.[7]

I 2021 meldte eigaren av selskapet, Icelandair Group, at verksemda til Air Iceland Connect kom til å gå inn i den til Icelandair, under dette namnet.[8][9]

Ulukker og hendingar[endre | endre wikiteksten]

  • 29. mai 1947. Ein C-47, TF-ISI, styrta i Heidinsfjørdur nær Akureyri på Island. Alle ombord, 19 passasjerar og ei besetning på fire, omkom. Dette er den verste flyulykka i islandsk historie.
  • 14. april 1963: Nesøya-ulukka der ein Vickers Viscount TF-ISU, «Hrimfaxi», styrta i eit bustadsområde på Nesøya under innflyging til Fornebu. Alle ombord, åtte passasjerar og ei besetning på fire, omkom.
  • 4. mai 2011. Ein Bombardier Dash 8 TF-JMB vart under landing på Nuuk lufthamn utsett for vindkast som førte til at høgre hjul vart rive av. Ingen vart skadde, men flyet måtte avskrivast.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Air Iceland Connect merges with Icelandair brand». businesstraveller.com (på engelsk). 12. mars 2021. 
  2. Home. Air Iceland Connect. Henta 13. februar 2011. "Air Iceland - Reykjavik airport - 101 Reykjavik"
  3. «Directory: World Airlines». Flight International. 27. mars 2007. s. 58. 
  4. «Air Iceland Connect». airicelandconnect.is. Henta 3. mars 2018. 
  5. «Air Iceland Connect to disappear». RÚV (på islandsk). 9. mars 2021. Henta 9. mars 2021. 
  6. «Air Iceland rebrands as Air Iceland Connect». ch-aviation.com. Henta 26. mai 2017. 
  7. «New English name for domestic flight company in Iceland faces criticism». Iceland Monitor. 26. mai 2017. 
  8. «Air Iceland Connect to disappear». RÚV (på islandsk). 9. mars 2021. Henta 9. mars 2021. 
  9. businesstraveller.com - Air Iceland Connect merges with Icelandair brand 12 March 2021

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]