Aira Force

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 54°34′35″ N 2°55′51″ W

Aira Force

Aira Force er ein foss i engelske Lake District i grevskapet Cumbria. Ordet «force» vert i mange område i Nord-England nytta som eit synonym for «foss» og kjem frå norrøne «fors».

Elva som utgjer fossefallet er Aira Beck, som spring ut i Stybarrow Dodd 720 meter over havet og renn nordaustover før ho vender sørover. Ein kilometer før ho renn ut i Ullswater dannar ho den 20 meter høge fossen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]