Hopp til innhald

Aju-Dag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ayu-Dag
fjell
Ayu-Dag. Sett frå Artkestranda
Land  Ukraina
Fjellkjede Krimfjella
Topp Krimhalvøya
 •  høgd 572 moh.
 - koordinatar 44°33′N 34°20′E / 44.550°N 34.333°E / 44.550; 34.333
Kart
Aju-Dag
44°33′39″N 34°19′36″E / 44.5607202°N 34.3267832°E / 44.5607202; 34.3267832
Wikimedia Commons: Ayu-Dag

Aju-Dag eller Medved-gora (krimtatarisk Ayuv Dağ russisk Аю-Даг, Медведь-гора, ukrainsk Аю-Даг) er eit fjell på Krimhalvøya i Ukraina. Toppen ligg 16 km nordaust for Jalta mellom byane Gurzuf og Partenit.

Fjellet består av lakkolitt. I dag er området eit naturreservat på 5,5 km2. Det ligg ein barneleir, Artek, nær Aju-Dag, som er internasjonalt kjend. Austsida av Aju_Dag fører til den antikke busetnaden Partenit. Restar av ein tidleg mellomalderbusetnad vart oppdaga der. På 800- og 900-talet var det ei kjend hamn her, med samband til byar i Austromarriket. Vestsida av fjellet fører til Artek.

Alle språkvariantar av namnet tyder Bjørnefjell og er omsetjingar av det originale krimtatariske namnet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]