Akeleie
Utsjånad
| Akeleie | |
Akeleie | |
| Systematikk | |
| Rike: | Planteriket Plantae |
| Overrekkje: | Landplantar Embryophytes |
| Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
| Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
| Orden: | Soleieordenen Ranunculales |
| Familie: | Soleiefamilien Ranunculaceae |
| Slekt: | Akeleie Aquilegia |
| Art: | Akeleie A. vulgaris |
| Vitskapleg namn | |
| Aquilegia vulgaris | |
Akeleie (Aquilegia vulgaris) er ein plante i akeleieslekta i soleiefamilien. Blomane er ofte blå, men finst også i mange andre fargar frå kvitt til blått eller raudt. Dei er kjenneteikna av poseforma kronblad som ender i lange honningsporar som stikk opp mellom begerblada. Akeleie har lenge vore dyrka som kulturplante, og var tradisjonelt brukt i urtemedisin.[1] Plantane er rekna som giftige.[2]

I Noreg kan ein ha dyrka akeleie i klosterhagar sidan mellomalderen.[3] Han finst forvilla og naturalisert i berg og urer frå Sør-Noreg til Trøndelag.[1]
Avkok av akeleie har vore brukt som augedropar og mot øyreverk. Ein har nytta akeleievatn som middel mot epilepsi, medan eit avkok med vin blei drukke ved beinbrot.[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- 1 2 3 Akeleie (31. januar 2013), Store norske leksikon. Fri aritkkel henta 7. februar 2014.
- ↑ Giftinformasjonssentralen
- ↑ Aquilegia vulgaris L., artsdatabanken.no. Henta 7. juni 2017.
- akeleie, artsdatabanken.no
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Akleja i Den virtuella floran