Akhenaton

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Akhenaton

Fødd14. hundreåret f.Kr.
FødestadTheben
Død1336 f.Kr.
DødsstadAmarna
MorTeje
FarAmenhotep III
EktefelleNefertiti, Kiya, The Younger Lady, Tadukhipa
BarnMeritaten Tasherit, Ankhesenpaaten Tasherit, Setepenre, Neferneferure, Neferneferuaten Tasherit, Ankhesenamon, Meketaten, Tutankhamon, Meritaten

Akhenaton, òg kjend som Akhnaton, Akhenaten, Ekhnaton eller Ikhnaton, var farao i Egypt.[1] Han var kjend som Amenhotep IV ved dei fyrste fem åra som farao. Han rikte i 17 år, og døydde år 1336 f.Kr. eller 1334 f.Kr.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Regjeringstid[endre | endre wikiteksten]

Akhenaton gjennomførte særs omfattande reformer då han rikte i det gamalegyptiske kongedømet. Som farao kvitta han seg med den egyptiske polyteismen til fordel for hans nye tru; trua på éin gud som viste seg i solskiva: Aton. Atonismen er det fyrste kjende dømet på monoteisme i religionshistoria.[2]

Reformene møtte sterk motstand i det konservative riket, særleg frå presteskapet knytt til den tidlegare riksguden Amon-Ra. Reformene, som også inkluderte endringar av skriftspråket og bygginga av ein ny egyptisk hovudstad, til heider for solguden Aton: Akhetaton, tok fokuset vekk frå imperiet.[2]

Egypt missa dimed dei fleste av koloniane sine i Nubia og Levanten som hadde vore viktige inntektskjelder. Etter at Akhenaton døydde, vart polyteismen teke fram att, og tida hans som farao vart fortrengt og gløymd. Den nyoppretta hovudstaden Akhetaton vart forlaten i laupet av berre somme tiår etter.[2]

Familie[endre | endre wikiteksten]

Akhenaton hadde fleire koner, deriblant Kiya og Nefertiti.[2][3] DNA-test frå 2010 synte at Tutankhamon var son til Akhenaton.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Akhenaten | Biography, Mummy, Accomplishments, Religion, Statue, & Facts | Britannica», www.britannica.com (på engelsk), 18. august 2023, henta 20. august 2023 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Bettum, Anders: Akhenaten i Store norske leksikon på snl.no. Henta 20. august 2023.
  3. «Amenhotep IV (Akhenaton) | eHISTORY», ehistory.osu.edu, henta 20. august 2023 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Akhenaton

Vidare lesing[endre | endre wikiteksten]

  • Taronas, L. «Akhenaten: The Mysteries of Religious Revolution» (på engelsk). American Research Center in Egypt. 
  • Hornung, E. 1999: Akhenaten and the religion of light. Ithaca og London: Cornell University Press.
  • Reeves, C. N. 2001: Akhenaten, Egypt's false prophet. New York: Thames & Hudson.