Religionshistorie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Religionshistorie er ein akademisk disiplin som inngår i fagfelta religionsvitskap og teologi, og som blir undervisa ved alle norske universitet og fleire høgskolar.[1] Disiplinen religionshistorie hentar teorigrunnlaget sitt primært frå allmenn historieforsking og sekundært frå antropologi, filosofi og andre disiplinar innan samfunnsvitskap og humaniora.

Akademisk historieskriving handlar om å samle og å ordne eit historisk kjeldemateriale i kategoriane tid, rom og kausalitet (årsak-verknad-samanhengar.) Disiplinen religionshistorie samlar kjelder som er relevante for spørsmål om utvikling av religiøse tradisjonar, og framstiller dei på måtar som også kan bli akseptert utover forfattarens eiget miljø og tradisjon.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Religionsvitskap og religionshistorie som kategoriar hos Forskning.no.