Aléxandros Tzórvas
|
| |||
| Personleg informasjon | |||
|---|---|---|---|
| Fullt namn |
Αλέξανδρος Τζόρβας Aléxandros Tzórvas | ||
| Fødd | 12. august 1982 | ||
| Fødestad | Athen | ||
| Høgd | 188 cm | ||
| Posisjon | Keeper | ||
| Klubbinformasjon | |||
Noverande lag | Palermo | ||
| Nummer | 33 | ||
| Ungdomsklubbar | |||
|
| |||
| Seniorkarriere* | |||
| År | Lag | Kampar (Mål) | |
| 2001-2007 2001-03 2003-04 2004-05 2007-08 2008-11 2011- |
|
1 (0) 25 (0) 11 (0) 6 (0) 24 (0) 59 (0) 4 (0) | |
| Landslag | |||
| 2004- 2009- |
|
1 (0) 13 (0) | |
|
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 25. september 2011 ‡ Landslagsmål oppdatert 26. august 2011 | |||
Aléxandros Tzórvas (fødd 12. august 1982) er ein gresk fotballspelar. I 2011/12-sesongen spelar han som keeper for Palermo og for det greske landslaget.
Tzórvas vart fødd i Athen. Han begynte karrieren sin ved fotballakademiet til Panathinaikos, men hadde vanskeleg for å få kamper for førstelagte der. Han vart lånt ut til fleire lag, Ájos Nikólaos, Markópoulo Mesojéas og Thrasývoulos Fylís, før han vart kalla tilbake til Panathinaikos som reservekeeper i 2005. Då han framleis ikkje fekk A-lagskampar for Panathinaikos gjekk han til OFI Kreta i 2007 i ein bytehandel der keepertalentet Oréstis Karnézis gjekk den andre vegen. På Kreta fekk han spela fast på øvste nivå.
I mars 2008 vart Tzórvas kalla inn som tredjekeeper av landslagstrenaren Otto Rehhagel til ein venskapskamp mot Portugal. Han debuterte for Hellas sitt landslag 19. november 2008 i ein vennskapskamp mot Italia i Pireus, som enda 1-1. På denne tida vart han kjøpt tilbake til Panathinaikos, der han sidan har kjempa seg inn på A-laget. I november 2009 stod Tzórvas i mål for Hellas i begge dei avgjerande kvalifiseringskampane til fotball-VM i 2010 mot Ukraina. Han heldt buret reint i begge kampane, Hellas vann 1-0 samanlagt og gjekk til VM.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen starta med ei omsetjing frå engelsk wikipedia, 8. mars 2010.