Loukás Výndra

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Λουκάς Βύντρα
Loukás Výndra
Vyntra 2008.jpg
Fullt namn Loukás Výndra
(gresk: Λουκάς Βύντρα)
Fødd 5. februar 1981
Město Albrechtice i Tsjekkoslovakia (no Tsjekkia)
Høgd 184 cm
Posisjon Forsvar
Klubbinformasjon
Spelar for Panathinaikós
Draktnummer 24
Klubbar*
År Klubb Kampar (mål)
1998-99
1999-2000
2000-01
2001-03
2003-
Hellas Almopó Aridéas
Hellas Paniliakós
Hellas Véria
Hellas Paniliakós
Hellas Panathinaikós
-
-
24 (0)
63 (3)
124 (6)
Landslag**
1997-2005
2005-
Hellas Hellas U21
Hellas Hellas
20 (3)
27 (0)

Klubbkampar og mål i nasjonal liga  
sist oppdatert 17. juli 2009.
** Landskampar og mål er
sist oppdatert 3. mars 2010.

Loukás Výndra (fødd 5. februar 1981 i Město Albrechtice i Mähren-Schlesien-regionen) er ein tsjekkisk-gresk fotballspelar med landskampar for Hellas. Han spelar i forsvar for Panathinaikós. Han har tsjekkisk far og gresk mor.

Klubbkarriere[endre | endre wikiteksten]

Výndra begynte proffkarrieren sin i fotballklubben Paniliakós i 1999, men gjekk over til Véria i 2000. I 2001 kom han tilbake til Paniliakós og spelte fast for dei, til han vart kjøpt av topplaget Panathinaikós i 2003/04-sesongen. Han var med på å vinna den greske serien og cupen den sesongen, men spelte berre 5 seriekampar. Sommaren 2007 var tyske Hertha Berlin interessert i å kjøpa Výndra, men Panathinaikós avslo dette. Han skåra mot Sevilla i UEFA-cupen i 2004/05-sesongen. Dei første to ligamåla sine for Panathinaikós skåra han mot PAOK Thessaloniki 8. februar 2009.

Han har for det meste spelt som høgreback for Panathinaikós, men sidan 2008/09-sesongen har han vore meir brukt som midtstoppar, og til tider òg som venstreback.

Landslagskarriere[endre | endre wikiteksten]

Výndra tok del i sommar-OL i 2004 for det greske fotballandslaget. Han var med i A-landslagstroppen til Confederations Cup i 2005, der han spelte to kampar. I 2008 var han med i troppen til fotball-EM, der han spelte éin kamp.

Denne artikkelen begynte med omsetjing av stoff frå engelsk og tysk wikipedia 23. mars 2010.