Sotíris Kyrjákos
Utsjånad
|
| |||
| Personleg informasjon | |||
|---|---|---|---|
| Fullt namn |
Σωτήρης Κυργιάκος Sotíris Kyrjákos | ||
| Fødd | 23. juli 1979 | ||
| Fødestad | Tríkala | ||
| Høgd | 193 cm | ||
| Posisjon | Midtstoppar | ||
| Klubbinformasjon | |||
Noverande lag | Wolfsburg | ||
| Nummer | 16 | ||
| Ungdomsklubbar | |||
| 1996-98 |
| ||
| Seniorkarriere* | |||
| År | Lag | Kampar (Mål) | |
| 1998-2004 1999-2001 2005-06 2006-08 2008-09 2009-11 2011- |
|
60 (5) 56 (3) 43 (1) 51 (8) 19 (0) 49 (3) 1 (0) | |
| Landslag | |||
| 2002- |
| 61 (4) | |
|
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 31. august 2011 ‡ Landslagsmål oppdatert 31. august 2011 | |||
Sotíris Kyrjákos (fødd 23. juli 1979 i Tríkala i Thessalía) er ein gresk fotballspelar med landskampar for Hellas. Han har spela i forsvar for Wolfsburg i tysk Bundesliga. Han var med på å vinna den greske ligaen og cupen med Panathinaikós i 2004 og den skotske ligaen med Rangers i 2005. 21. august 2009 vart det kunngjort at han hadde skrive under ein toårskontrakt for Liverpool, og vart dermed Liverpool sin første greske spelar.
Kyrjákos debuterte for det greske A-landslaget 13. februar 2002 i ein kamp mot Sverige. Han skåra det første landslagsmålet sitt mot Noreg 13. februar 2003. Han gjekk glipp av fotball-EM i 2004 grunna ein kneskade, men var med i fotball-EM i 2008.