Al-Fawwar-kjelda

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Al-Fawwar-kjelda (arabisk نبع الفوّار, Nab` al-Fawwar) er ei vasskjelde nord i Syria ved byen Zweitina i Homs guvernement.

Det er eit viktig landemerke i byen fordi ho er religiøst viktig med plasseringa nær St. Georg-klosteret. Al-Fawwar er i hovudsak ei lita grotte med nokre få trappetrinn inn og der vatnet siv ut frå nokre få opningar. Kjelda flyt sporadisk og det kan gå dagar og stundom månader utan at det flyt vatn ut. Før vatnet kjem fram att kan ein høyre ein høg lyd frå undergrunnen nokre minuttar før vatnet kjem flytande. Lyden kjem av luft som vatnet pressar ut gjennom dei tronge sprekkene det strøymer gjennom. Folk har rekna dette som eit godt teikn.

Kjelda er omgjeve av mange restaurantar, kafeteriaer og hotell. Tusenvis vitjar Al-Fawwar-kjelda kvart år, hovudsakleg turistar og vitjande ved klosteret.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]