Al-Haffah

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 35°35′N 36°2′E
Al-Haffah
الحفة
by
Land Flag of Syria.svg Syria
Guvernement Latakia guvernement
Distrikt Al-Haffah-distriktet
Nahiyah Al-Haffah
Høgd 310 moh
Koordinatar 35°35′N 36°2′E
Folketal 4 298 (2004)
Tidssone EET (UTC+2)
Syria location map3.svg
Locator Red.svg

Al-Haffah (arabisk الحفة) er ein by nordvest i Syria som administrativt høyrer til Latakia guvernement, 33 kilometer aust for Latakia. Han er senteret i al-Haffah-distriktet, eit av fire distrikt (mantiqah) i Latakia guvernement. Han ligg 310 meter over havet og hadde i 2004 4 298 innbyggjarar i følgje Statistisk sentralbyrå i Syria (CBS). I lag med dei kringliggande landsbyane i al-Haffa nahiyah (nahiya) har al-Haffa eit folketal på 23 347.[1] Innbyggjarane er hovudsakleg sunnimuslimar,[2] kring 90%, medan kristne utgjer kring 10% av folketalet. Dei to samfunna har levd i lag i al-Haffah i hundevis av år.[3]

Innbyggjarane i al-Haffa driv stort sett med jordbruk. Byen produserer mange typar frukt, som oliven, fiken, granateple, eple og pærer.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Al-Haffa er ogmjeve av fjell og ligg berre 7 km vest for Salah Ed-Din-borga, ein verdsarvstad. Området har ei antikk historie som starta med ein fønikisk busetnad. Seinare vart han ein viktig strategisk stad for krossfararar, då dei invaderte området.

Den syriske geografen Yaqut al-Hamawi vitja al-Haffah tidleg på 1200-talet, under Ajjubide-dynastiet, og noterte at han var eit distrikt vest for Halab (Aleppo), som bestod av mange landsbyar. Klede kalla Haffiyyah kom frå her.[4]

I 1919 var al-Haffah ein del av det eit lite opprør i leia av Umar al-Bitar i Sahyun-regionen som al-Haffah er senter i.[5] På same tid vart han med i opprøret til Saleh al-Ali, som var i allianse med al-Bitar.[6]

Frå 5. til 13. juni 2012 var byen involvert i slaget ved Al-Haffah, som ein del av den syriske borgarkrigen. Nesten alle innbyggjarane flykta då frå byen. Al-Haffah har dermed i røydna vorte ein spøkjelsesby.[7]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Folketeljing 2004. Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Latakia guvernement. (arabisk)
  2. Morris, Loveday. Fears grow of new massacre as UN warns of borgarkrig i Syria. The Independent. 30. mars 2014. Henta on 15. juni 2014.
  3. Balanche, 2006, s. 88.
  4. le Strange, 1890, s. 445.
  5. Choueiri, 1993, s. 19.
  6. Moosa, 1987, s. 283.
  7. The ghost town of Syria: Haunting pictures from the place abandoned by 26 000 as it was shelled to smithereens