Al-Haffah-distriktet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Al-Haffah-distriktet
distrikt
Land Flag of Syria.svg Syria
Guvernement Latakia guvernement
Administrasjonsstad Al-Haffah
Folketal 81 213 (2004)

Al-Haffah-distriktet
35°34′0″ N 36°1′0″ E

Al-Haffah-distriktet (arabisk منطقة الحفة, Minṭaqat al-Ḥaffah) er eit distrikt (mantiqah) i Syria som administrativt høyrer til Latakia guvernement. Senteret i distriktet er byen Al-Haffah. I folketeljinga i 2004 hadde det eit folketal på 81 213.[1]

Al-Haffah-distriktet ligg i An-Nusayriyahfjella aust for Latakia. Han er eit viktig handelssenter der lokale bønder sel eple og andre varer. han er historisk viktig som ein viktig strategisk stad for dei invaderande krossfararane. Her ligg Salah Ed-Din-borga, ein UNESCO verdsarvstad.

Med Middelhavs-furuskog og mildt vêr om sommaren, er distriktet ein av dei mest populære turistdestinasjonane i Syria. Mange fjellferiestader ligg i distriktet, hovudsakleg i byen Slinfah.

Inndelingar[endre | endre wikiteksten]

Distriktet er delt inn i fem underdistrikt eller nahiyaher (folketala er frå folketeljinga i 2004):

  • Al-Haffah nahiyah (ناحية الحفة): folketal 23 347.[2]
  • Slinfah nahiyah (ناحية صلنفة): folketal 19 518.[3]
  • Ayn al-Tineh nahiyah (ناحية عين التينة): folketal 6 825.[4]
  • Kinsabba nahiyah (ناحية كنسبّا): folketal 17 615.[5]
  • Muzayraa nahiyah (ناحية مزيرعة): folketal 13 908.[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. arkivkopi (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 2013-03-10, henta 15. juni 2014 
  2. Al-Haffah nahiyah folketal, arkivert frå originalen 2012-12-20, henta 15. juni 2014 
  3. Slinfah nahiyah folketal, arkivert frå originalen 2019-12-12, henta 15. juni 2014 
  4. Ayn al-Tina nahiyah folketal, arkivert frå originalen 2019-12-16, henta 15. juni 2014 
  5. Kansabba nahiyah folketal, arkivert frå originalen 2019-12-13, henta 15. juni 2014 
  6. Muzeir'a nahiyah folketal, arkivert frå originalen 2013-01-12, henta 15. juni 2014