Al-Hamraa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 35°18′56″N 37°5′14″E
Al-Hamraa
الحمراء, Al-Hamra
landsby
Land Flag of Syria.svg Syria
Guvernement Hama
Distrikt Hama
Nahiyah Al-Hamraa
koordinatar 35°18′56″N 37°5′14″E
Folketal 1 783 (2004)
Syria location map3.svg
Locator Red.svg

Al-Hamraa (arabisk الحمراء, òg skrive al-Hamra) er ein landsby nordvest i Syria i Hama guvernement, nordaust for Hama. Av stader i nærleiken finn ein Jubb al-Othman i nordaust, Abu al-Thuhur i nord, Fan al-Shamali i vest, Maar Shahhur i sørvest, Salamiyah i sør og Sabburah i søraust. I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS), hadde al-Hamraa eit folketal på 1 783 i 2004. Han er det administrative senteret og nest største stad i al-Hamraa nahiyah («underdistrikt») som består av 44 stader med eit samla folketal på 32 604 i 2004.[1]

I 1838 vart al-Hamraa klassifisert som ein khirba («mildertidig landsby») i distriktet Salamiyah.[2] Han ligg nær palasset Qasr ibn Wardan.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Al-Hamraa» frå Wikipedia på engelsk, den 21. mai 2014.
  • Smith, Eli; Robinson, Edward. Biblical Researches in Palestine, Mount Sinai and Arabia Petraea: A Journal of Travels in the Year 1838. 3. Crocker and Brewster. 
  1. Folketeljing 2004. Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Hama guvernement. (arabisk)
  2. Smith, 1841, s. 178.