Al-Hirak i Syria

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 32°45′4″N 36°18′19″E
al-Hirak
الحراك
by
Land Flag of Syria.svg Syria
Guvernement Daraa guvernement
Distrikt Izra-distriktet
Nahiyah Al-Hirak
Koordinatar 32°45′4″N 36°18′19″E
Folketal 20 760 (2004) [1]
Tidssone EET (UTC+2)
Syria location map3.svg
Locator Red.svg

Al-Hirak (arabisk الحراك, òg skrive al-Hrak eller Herak) er ein liten by sør i Syria, som administrativt høyrer til Izra-distriktet i Daraa guvernement. Han ligg kring 40 kilometer nordaust for Daraa, og er omgjeve av byane Maliha al-Gharbiyah i aust og Izra' i nordaust. I 2004 talde Statistisk sentralbyrå i Syria eit folketal på 20 760 i al-Hirak.[1] Innbyggjarane er hovudsakleg sunnimuslimar.[2]

Den syriske borgarkrigen[endre | endre wikiteksten]

Under den syriske borgarkrigen tente al-Hirak som base for millitante opprørarar som Den frie syriske armeen (FSA). Den 6. mars 2012 vart byen hard skadd under kampar mellom den syriske hæren og FSA, ein kamp som av det britiske-baserte Syrisk observatorium for menneskerettar som «særs intens». Bustadområde og Abu Bakr al-Saddiq-moskeen tener som militærbase for dei militante og vart i følgje rapportar bomba av den syriske hæren.[3] Under slaget tok FSA eit pansra kjøretøy frå den syriske hæren i eit bakhaldsåtak og fem soldatar mista livet. Ein 15 år gammal gut skal ha blitt skoten og drepen av ein statleg snikskyttar.[4] «Al-Herak-moskeen» er oppført på Global Heritage Fund si liste over øydelagd kulturarv i Syria under borgarkrigen.[5] I juli 2012 flykta kring 4 000 innbyggjarar flyta til nabobyane i Syria eller Jordan.[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Folketeljing 2004. Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Daraa guvernement. (arabisk)
  2. Smith, 1841, s. 151.
  3. Syrian government forces 'shell rebel-held towns'. BBC News. 18. april 2014. Henta 18. april 2014.
  4. Syrian troops shell village in assault on army defectors. The Guardian. 18. april 2014. Henta 18. april 2014.
  5. Damage to the soul: Syria's cultural heritage in conflict ({{WebCite|http://www.webcitation.org/69rQsEW5k)
  6. [1]