Al-Huwash

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Al-Huwash
الحواش
by
Al-Huwash
Land  Syria
Guvernement Homs
Distrikt Talkalakh
Nahiyah Al-Huwash
Koordinatar 34°45′53″N 36°19′8″E / 34.76472°N 36.31889°E / 34.76472; 36.31889
Folketal 4 067  (2004)
Kart
Al-Huwash
34°45′53″N 36°19′08″E / 34.764722222222°N 36.318888888889°E / 34.764722222222; 36.318888888889
Wikimedia Commons: Al-Hawash, Homs Governorate

Al-Huwash (arabisk الحواش, al-Ḥwāsh) er ein gresk-ortodoks kristen by nordvest i Syria like ved grensa til Libanon og som administrativt høyrer til Homs guvernement. Av byar i nærleiken finn ein al-Husn og Marmarita i vest, Shin i aust og Talkalakh i sørvest. I følgje Statistisk sentralbyrå i Syria (CBS) Hawash eit folketal på 4 067 i 2004.[1] Alle innbyggjarane er kristne, og det same er innbyggjarane i landsbyane i området.

Han ligg midt i eit barskogdekt fjell som er ein populær feriestad om sommaren. Hawash er den største landsbyen i Wadi al-Nasarah («Dalen til dei kristne») i regionen Homs.[2](ein viktig historisk stad og populær turistdestinasjon.)

Namnesoge[endre | endre wikiteksten]

Namnet Huwash kjem frå Hoshe som er arabisk for «kjoleliv» eller ein stad med blomar.[3] Det har òg blitt foreslått at Wash er eit ord frå syrisk som tyder 'godt jordsmonn'.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Al-Huwash er datert attende til 1700-talet. I lag med mange andre landsbyar i området flytta dei første innbyggjarane i området til Hawash frå Libanon og den sørlege Hauran-sletta.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Folketeljing 2004 Arkivert 2013-01-12 ved Archive.is. Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Homs guvernement. (arabisk)
  2. http://www.alhwash.org Arkivert 2009-07-17 ved Wayback Machine. Alhwash Team
  3. 'Hwash My Love' Book