Al Bell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Al Bell
Fødd15. mars 1940 (79 år)
FødestadBrinkley
FødenamnAlvertis Isbell
OpphavBrinkley i Arkansas i USA
Aktiv1965 til i dag
SjangerSoul, gospel
Tilknytte artistarThe Staple Singers, Isaac Hayes, Tag Team
PlateselskapStax, Motown, Bellmark
Verka somplateprodusent, låtskrivar, plateselskapdirektør, DJ
PrisarGrammy Trustees Award

Al Bell (fødd 15. mars 1940 som Alvertis Isbell) er ein USA-amerikansk plateprodusent, låtskrivar og plateselskapdirektør. Han er mest kjend for å ha vore direktør og medeigar i Stax Records, som heldt til i Memphis i Tennessee, den siste halvdelen av dei 19 åra selskapet eksisterte.

Bell sitt tidlegare yrke var som platepratar i heimbyen Little Rock i Arkansas.[1] Som produsent var han særs viktig for karrierane til soulstjernene til Stax, som Staple Singers og Isaac Hayes, The Emotions, The Dramatics og Mel and Tim. Bell var god på marknadsføring og dreiv «Memphis-stilen» ut internasjonalt, medan Stax vart til det nest største afroamerikanske selskapet i 1970-åra.[2] I 2009 omtalte BBC Bell som «eit av soul-ikona» og «den drivande krafta bak Stax Records».[3]

Etter karrieren sin i Stax, vart Bell direktør i Motown Records Group under omstruktureringa til MCA og Boston Ventures Group.[2] Han starta sidan sitt eige selskap, Bellmark, som mellom anna gav ut Tag Team-singelen «Whoomp! (There It Is)» (1993).[4] I dag arbeider Bell i det sjølvstendige musikkmiljøet i Memphis og driv ei musikkside på nettet og eit radioshow på AlBellPresents.com.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Bowman, Rob (1997). Soulsville U.S.A.: The Story of Stax Records. New York: Schirmer Trade. ISBN 0-8256-7284-8
  2. 2,0 2,1 Gordon, Robert and Neville, Morgan. (2007). Respect Yourself: The Stax Records Story. [Documentary film]. New York: Concord Music Group. 
  3. Maher, Michael (23 September 2009). «Soul icon: Al Bell». BBC World News: America (BBC). Henta 18 May 2010. 
  4. Sontag, Deborah (2009-08-14). «Out of Exile, Back in Soulsville». New York Times. Henta 18 May 2010. 
  5. «Soul, R & B, Blues, Gospel Online Radio Station and Store». Al Bell Presents. 2013-04-16. Henta 15. august 2016.