Alan Sillitoe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Alan Sillitoe
Alan Sillitoe (2009).jpg
Fødd 4. mars 1928
Nottingham
Død

25. april 2010
London

Yrke skribent, manusforfattar, lyrikar, romanforfattar
Ektefelle Ruth Fainlight
Alan Sillitoe på Commons

Alan Sillitoe (4. mars 192825. april 2010) var ein britisk forfattar fødd i ein arbeidarklassefamilie i Nottingham i Storbritannia. Han var mellom forfattarane som på 50-talet fekk namnet «Angry Young Men» ('Sinte unge menn'), ei nemning han og dei andre forfattarane i gruppa mislikte.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Berre fjorten år gamal slutta Sillitoe i skulen og byrja arbeide på Raleigh sykkelfabrikk saman med far sin.

Sillitoe budde utanlands i mange år, mellom anna i Malaysia der han tenestgjorde som gnist i Royal Air Force frå 1946-1949. Han slutta i tenesta grunna sjukdom og reiste heim til England der han fekk diagnosen tuberkulose. I 16 månader var han sengeliggjande på sjukehus og tok med kvart til å skrive, mest for moro skuld.

Forfattar[endre | endre wikiteksten]

På femtitalet reiste han til Frankrike og Spania med den amerikanske poeten Ruth Fainlight som han sidan gifte seg med. I 1955, medan dei var busett på Mallorca, byrja dei i lag å skrive på romanen Saturday Night and Sunday Morning (omsett: Laurdag natt og Sundag morgon). Debutromanen vart publisert i 1958 og fekk mykje omtale. Boka handlar om Arthur, ein arbeidarson i Nottingham som strevar på sykkelfabrikken heile veka. Helgene tilbringer han i kneipene, og går ikkje av vegen for ein flørt - heller ikkje om kvinna er gift.

Dei følgjande åra skreiv han bøkene The Loneliness of the Long-Distance Runner (1959), The General (1960) og Key to the Door (1961).

Mest kjend er han kanskje for The Loneliness of the Long Distance Runner ('Einsemda hjå langdistansespringaren') og i Noreg for The fishing-boat picture frå samlinga A Sillitoe Selection (1968). Aschehoug & Co utgav i 1989 ei samling britiske noveller med namnet Words and Lies der denne teksten var med. Silitoe hentar mykje inspirasjon frå eigen oppvekst, noko som òg kjem fram i føreordet til denne novella: «The fishing-boat picture was one of a pair owned by my parents which I continually looked up at as a child. They were given to my mother and father as a wedding present but were sold (or pawned maybe) to get money for food at some time during the most indigent part of their married lives». («Fiskebåt-biletet var eitt av eit par som foreldra mine eigde, og som eg støtt såg opp på medan eg var barn. Begge bileta vart gjevne til foreldra mine som bryllaupsgåve, men dei vart selde (eller kanskje pantsette) for å skaffe pengar til mat på ei tid då dei som ektefolk trong det mest»)

Sillitoe var busett i London fram til han den 25. april 2010 døydde av kreft etter ei lang tid med sjukdom.

Grava til Sillitoe på Highgate Cemetery

Verkliste[endre | endre wikiteksten]

Bøker

  • Saturday Night and Sunday Morning, 1958
  • The Loneliness of the Long Distance Runner, 1959
  • The General, 1960
  • Key to the Door, 1961
  • Road To Volgograd, 1964
  • The Death of William Posters, 1965
  • The City Adventures of Marmalade Jim, 1967
  • A Tree on Fire, 1967
  • A Sillitoe Selection: Eight Short Stories, 1968
  • A Start in Life, 1970
  • Travels in Nihilon, 1971
  • Men, Women and Children, 1973
  • From Canto Two of The Rats, 1973
  • Somme, 1974
  • The Flame of Life, 1974
  • Down to the Bone, 1976
  • Day-Dream Communiqué, 1977
  • Big John and the Stars, 1977
  • The Widower's Son, 1976
  • The Incredible Fencing Fleas, 1978
  • The Storyteller, 1979
  • Marmalade Jim at the Farm, 1980
  • More Lucifer, 1980
  • Her Victory, 1982
  • The Lost Flying Boat, 1983
  • The Saxon Shore Way: From Gravesend to Rye, av Sillitoe and Fay Godwin, 1983
  • Down from the Hill, 1984
  • Marmalade Jim and the Fox, 1984
  • Life Goes On, 1985
  • Out of the Whirlpool, 1987
  • Every Day of the Week: An Alan Sillitoe Reader, 1987.
  • The Open Door, 1989
  • Last Loves, 1990
  • Leonard's War A Love Story, 1991
  • Shylock the Writer, 1991
  • The Mentality of the Picaresque Hero, 1993
  • Snowstop, 1993
  • Life Without Armour, 1995 (sjølvbiografi)
  • The Broken Chariot, 1998
  • The German Numbers Woman, 1999
  • Birthday, 2001
  • A Man of His Time, 2004

Sillitoe har vunne fleire litterære prisar og tekstane hans har vorte omsette til ei rekkje språk, og i mange høve har dei vore til inspirasjon for filmskaparar:

Mellom filmane er:

  • The Ragman's Daughter (1972) (med grunnlag i romanen av same namn)
  • Counterpoint (1967) (med grunnlag i romanen "The General")
  • The Loneliness of the Long Distance Runner (1962) (med grunnlag i novella av same namn)
  • Saturday Night and Sunday Morning (1960) (med grunnlag i novella av same namn)

Prisar:

  • «Author's Club First Novel Award» i 1958 for «Saturday Night and Sunday Morning»
  • «Hawthornden Prize» i 1960 for «The Loneliness of the Long-Distance Runner»