Mallorca

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Mallorca
Flagget til Mallorca
Flagget til Mallorca
Geografi
Mallorca is located in
Mallorca ()
Stad Middelhavet
Koordinatar 39°37′N 2°59′EKoordinatar: 39°37′N 2°59′E
Øygruppe Balearane

Areal 3640,11 km²

Høgaste punkt Puig Major (1445 moh.)

Administrasjon
Land Spania
Provins Balearane
Største busetnad Palma (375 048 innb.)

Demografi
Folketal 790 763 (2006)
Folketettleik 217,2 /km²

Mallorca er den største øya i Spania. Ho ligg i Middelhavet og er ein del av øygruppa Balearane. Namnet kjem frå det latinske insula maior, som tyder 'større øy;. Menorca i nærleiken har tydinga 'mindre øy'.

Hovudstaden på øya, Palma, er òg hovudstad i den autonome regionen Balearane.

Som dei andre øyane i Balearane, Ibiza, Formentera og Menorca, er øya eit populært turistmål. Pakketurismen til øya starta i mai 1952 og har vore ein populær stad sidan den gong. Den internasjonale flyplassen ved Palma er ein av dei travlaste i Spania, med 28 millionar passasjerar i 2017.[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Talaiot på Mallorca

Mallorca har vore busett sidan antikken. Ein har funne spor etter gravkammer og tidlege busetjingar frå yngre steinalder (6000–4000 f.Kr.) kalla talaiot. På 700-talet f.Kr. kom fønikarar til øya og grunnla fleire koloniar her.[2] I 123 f.Kr. vart Mallorca erobra av Romarriket under leiing av Quintus Caecilius Metellus Balearicus. Ho blømde under romarane og i denne perioden vart byane Pollentia (Alcúdia) og Palmaria (Palma) grunnlagd. Den lokale økonomien var i stor grad driven av oliven, vin og salt. Soldatar frå Mallorca var ettertrakta i dei romerske legionane fordi dei var flinke med slynge.[3]

I 426 plyndra vandalar øya og annekterte ho til kongedømet sitt i 465. Geiseric, sonen til Gunderic, styrte øya og brukte henne som base for å herja og plyndra område rundt Middelhavet.[4] Romarane tok tilbake kontroll i 465.

I 534 vart Mallorca erobra av Austromarriket og styrt som ein del av provinsen Sardinia. Under Austromarriket blømde kristendommen og fleire kyrkjer vart bygd. Frå 707 vart øya stadig angripen av muslimar frå Nord-Afrika.[4]

Historisk kart over Mallorca og Menorca av Piri Reis

I 902 erobra emiratet av Cordoba Mallorca og øya kom inn ein ny periode med velstand. Då emiratet var på sitt mektigaste bygde maurarane ut anlegg for kunstig vatning, utvikla den lokale industrien og øya nøyt generelt godt av dei velståande tidene. Etter at emiratet forsvann i 1015 starta ei meir dekadent tid. Mallorca kom under taifaen av Denia og frå 1087–1114 var øya eit sjølvstendig taifa. I 1114 erobra ein ekspedisjon frå Pisa og Catalonia øya og omleira Palma i åtte månader. Etter at byen fall trekte ekspedisjonen seg tilbake og vart erstatta av almoravidane frå Nord-Amerika, som styrte til 1203. Almoravidane vart så erstatta av Almohad-dynastiet fram til 1229. I uroa som følgde invaderte kong Jakob I av Aragon øyane med 15 000 menn og 1500 hestar og gjekk inn i byen Madina Mayurqa 31. desember 1229. Han annekterte øya til Aragon etter at felttoget var over 30. oktober 1230.

Etter Jakob I døydde i 1276 vart kongedømet hans delt mellom sønene. Jakob II vart konge i det nye kongedømet Mallorca. I 1344 invaderte kong Peter IV av Aragon øya og ho vart igjen ein del av Aragon.

Frå 1479 var Aragon i union med Castilla. Tidleg på 1700-talet førte den spanske arvefølgjekrigen til at familieunionen vart erstatta av eit samla spansk monarki. I 1716 gjorde Decretos de Nueva Planta Mallorca ein del av provinsen Baleares, som stort sett svara til det som i dag er provinsen Balearane.

Nyare tid[endre | endre wikiteksten]

Nasjonalistane stod sterkt på øya ved starten av den spanske borgarkrigen. Republikanarane gjekk i land på øya den 16. august 1936 for å drive dei bort og gjere krav på øya. Sjølv om republikanarane var kraftig i undertal, og kom seg 12 km innover på øya, gjorde luftmakta til nasjonalistane, støtta av Fascist-Italia, sitt til at republikanarane måtte trekke seg attende og forlate øya heilt den 12. september. Desse hendingane vart kjend som slaget ved Mallorca. I resten av borgarkrigen fungerte øya som base for marinen og luftvåpenet til nasjonalistane.

Sidan 1950-åra har masseturismen radikalt endra øya og gjort ho om til ein attraksjon for utanlandske turistar og spanjolar frå fastlandet. Den auka turismen gjorde at Palma voks kraftig. I 1960 hadde Mallorca 500 000 vitjande, i 1997 6,7 millionar og i 2008 passerte 22,8 millionar menneske gjennom Son Sant Joan lufthamn i Palma, i tillegg til at 1,5 millionar kom med båt.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Mallorca har middelhavsklima med milde vintrar og varme, solrike somrar.

Vêr for Palma de Mallorca, hamn (1981–2010)
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Gjennomsnittleg maks °C 15,4 15,5 17,2 19,2 22,5 26,5 29,4 29,8 27,1 23,7 19,3 16,5 21,8
Døgnmiddeltemperatur °C 11,9 11,9 13,4 15,5 18,8 22,7 25,7 26,2 23,5 20,2 15,8 13,1 18,2
Gjennomsnittleg min °C 8,3 8,4 9,6 11,7 15,1 18,9 21,9 22,5 19,9 16,6 12,3 9,7 14,6
Gjennomsnittleg nedbør mm 43 37 28 39 36 11 6 22 52 69 59 48 449
Gns. nedbørsdagar (≥ 1 mm) 6 6 5 5 4 2 1 2 5 7 6 7 53
Gns. solskinstimar i månaden 167 170 205 237 284 315 346 316 227 205 161 151 2 779
Kjelde: Agencia Estatal de Meteorología[5]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Satellittbilete
Topografi

Mallorca har to fjellområde som begge er om lag 70 km lange. Desse ligg i nordvest (Serra de Tramuntana eller Tramuntana-fjella) og aust på øya. Det høgaste fjellet er Puig Major (1445 moh) i Serra de Tramuntana. Sidan dette er eit militært område, vert nabofjellet Puig de Massanella rekna som den høgaste tilgjengelege toppen (1364 moh). På nordaustkysten finn ein to store bukter, Badia de Pollença og den større Badia d'Alcúdia. Nordkysten er generelt kupert med mange klipper. Dei sentrale områda av øya, frå Palma, er generelt ei flat og frodig slette kalla Es Pla.

Serra de Tramuntana har markert meir nedbør enn resten øya. Somrane er varme på slettene og vintrane er òg milde. I dei høgaste fjella kan ein vente snø i kortare periodar om vinteren.

Øya er omgjeven av to mindre, folketomme øyar: Cabrera (søraust for Palma) og Dragonera (vest for Palma).

Administrasjon[endre | endre wikiteksten]

Kommunar på Mallorca

Øya er delt inn i kommunane:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Presentación». AENA Aeropuerto de Palma de Mallorca (på spansk). Henta 7 September 2017. 
  2. «Spain». dlthede.net. Henta 15. desember 2017. 
  3. History of Mallorca. North South Guides.
  4. 4,0 4,1 The Dark Ages in Mallorca mallorcaincognita.com
  5. 5,0 5,1 «Guía resumida del clima en España (1981–2010)». Arkivert frå originalen 18. november 2012. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Mallorca
Wikivoyage-Logo-v3-icon.svg Reiseguide for Mallorca frå Wikivoyage