Albert Bierstadt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Albert Bierstadt

Statsborgarskap Kongedømet Preussen, USA
Fødd 7. januar 1830
Solingen
Død

18. februar 1902 (72 år)
New York by

Yrke kunstmålar, fotograf, bygningstegner, scenograf
Sjanger landskapsmåleri
Medlem av American Academy of Arts and Letters
Albert Bierstadt på Commons

Albert Bierstadt (8. februar 183018. februar 1902) var ein tysk-amerikansk kunstnar. Han er best kjend for sine landskapsmåleri i stor skala, særleg av dei vestlege delane av USA.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Bierstadt var fødd i Tyskland, men voks opp i USA då foreldra emigrerte dit i 1832. Bierstadt reiste tilbake til fødelandet og studerte frå 1853 i Düsseldorf under Carl Friedrich Lessing og Andreas Achenbach. Før han fór tilbake til USA i 1857, reiste han vide i Tyskland, Sveits og delar av Italia.

Sidan la han ut på fleire lange turar gjennom USA, der han henta motiv til bileta sine. Bierstadt var ikkje den fyrste kunstnaren som presenterte bilete frå den ville vesten, men for resten av det 19. hundreåret var han den viktigaste tolkaren av landskapet i det vestlege USA. Storm i fjella frå 1870 er eit av dei mest særprega måleria hans.

Bierstadt var del av den såkalla Hudson-River-skulen, ei ganske laus gruppe eller retning av likesinna målarar. Målarane la vekt på nøyaktige og detaljerte bilete i eit romantisk, nærast glødande lys, av og til kalla luminisme. Bierstadt vert også knytt til ei anna retning i USA-amerikansk målarkunst, kalla for Rocky-Mountains-skulen.

Verk i utval[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Aschehougs kunsthistorie. Bind 4 Kunstleksikon

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Albert Bierstadt