Mammuttre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Sequoiadendron giganteum)
Mammuttre
Mammuttre
Mammuttre
Utbreiing og status
Status i verda: EN Sterkt trugaUtbreiinga av Mammuttre
Utbreiinga av Mammuttre
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Rekkje: Bartre Pinophyta
Klasse: Pinopsida
Orden: Furuordenen Pinales
Familie: Sypressfamilien Cupressaceae
Underfamilie: Sequoioideae
Slekt: Sequoiadendron
Art: Mammuttre S. giganteum
Vitskapleg namn
Sequoiadendron giganteum

Mammuttreet eller kjempesequoiatreet (Sequoiadendron giganteum) tilhøyrer kjempesequoiaslekta i sypressfamilien. Treet kan bli over 80 m høgt, og i sjeldne tilfelle opp til maksimalt 95 meter med stammetverrmål på åtte til ti meter.

Blad av mammuttre.
Konglar av mammuttre.
Dette individet, General Sherman, er eit av dei største trea i verda, med eit volum på 1487 m³ (2002), og ei anslått vekt på 2100 tonn. Høgda er 83,7 m (2002). Ein reknar med at treet er mellom 2300 og 2700 år gammalt.
Benmore Botanic Garden i Skottland. Fleire av trea er over 45 m høge.

Den kraftige stammen og greinene dannar ei luftig krone som er sylindrisk på form. Borken er raudbrun og trevlete, og dessutan porøs og elastisk. Dei små og skjelaktige nålene er radiale og står ut i ein spiss vinkel frå greinene. Hannblomane er synlege frå vinteren av, og blir gule om våren. Hoblomestandane er grøne og kongleaktige.

Konglane i det fyrste året er eggforma, 10 cm lange og grøne, og får noko lengre storleik og raudbrun farga dei neste åra. Trebukkar (Phymatodes nitidus) og douglasekornet (Tamiasciurus douglasii) bidrar til å spreia frøa frå konglene.

Treet blir rekna som det største i verda, men ikkje det høgaste, for her blir det overgått av nokre andre bartre. Treet har ein bork som inneheld mykje garvesyre og derfor vanskeleg kan bli skadd av eld. Trevirket er òg motstandsdyktig mot rotning. Det blir sagt at eit tre kan innehalda nok tømmer til femti hus med seks rom kvar. Eit fullt utvakse tre har likevel porøs ved som derfor er lite eigna som materiale. Trevirket er uvanleg lett med ein densitet på berre 0,29.

Utbreiing og økologi[endre | endre wikiteksten]

Treet veks opphavleg vilt i vestskråningane av Sierra Nevada i California. Det veks gjerne i 1500-2100 meters høgde, med habitat som har ei samla utstrekking på 144,16 km². Einskilde tre kan bli 3800 år gamle. Mammuttre er blitt planta som prydtre fleire stader i verda, også i Noreg. I Polen skal eit individ ha overlevd ein temperatur på -37 °C.

Treet har vanskeleg for å spreia seg, fordi nye spirar berre veks i solfull, mineralhaldig jord der det er få konkurrentar. Skogbrann kan vera bra for arten, sidan brann ofte fjernar konkurrerande bartre og avgrensar skadelege stokkmaur.

Frø frå treet blei frakta til Storbritannia allereie i 1834, og landet har fleire parkbestandar. Ni år seinare blei ei større sending med frø spreidd over heile Europa. Det er eit eksemplar i Botanisk hage i Oslo. Det finst òg parkindivid i mellom anna USA, Canada, Australia, Italia, Danmark, Polen, Nederland, Belgia, New Zealand og Australia.

Norske tre[endre | endre wikiteksten]

Mammuttreet ved Fevik bad.
Mammuttreet ved Fevik bad. På bakken ligg ein del av ei avkappa grein.

Oddvin Reisæter si lærebok i plantenomenklatur (samling av leksjonar frå 1966 til 1972) nemner følgjande tre:

  • Ved Fevik bad, Fevik – Mål 1972: Høgde: 23 m, Omkrets: 4,44 m. (Ved landmåling den 5. august 2009 ble høyden målt til 27,55 m og omkrets, 1,3 m over bakkenivå til 6,5 m. Omkrets på bakkenivå: 11 m. Trestammens volum ble anslått til ca. 23 m³. Grunneier opplyste da at treet var plantet i 1888.)
  • Ved Leikanger prestegård – Planta ca. 1880. Mål (1969): Høgd: 22 m. Omkrins i brysthøgd: 5,27 m. Omkrins ved bakken: 8 m.
  • På Utåker i Sunnhordland blei det planta eit 5 år gammalt tre i 1905. I 1920 var treet berre 1,5 m høgt, men i 1952 var høgda 20,2 m og omkrinsen 2,47 m. Siden den tida har toppen falle av ein gang, men treet har danna ein ny topp som i 2010 var 28,7 m høg.[1]
  • Ved Florida sjukehus i Bergen var to tre som var høvesvis 15 m og 17 m høge i 1960.
  • Furuholmen i Høle var eit tre 11,7 m i 1959.
  • På Myren gard ved Kristiansand står eit tre som blei planta i 1865 og som i 1971 blei måla til ei høgd på 22 m og med omkrinsen 3,40 m.
  • Risholmen i Onsøy blei det planta eit tre i 1953 som var 6 m høgt i 1965, men treet fraus bort i 1966.
  • På Fritzøehus ved Larvik blei det planta eit tre i 1955 som målte 4,5 m i 1965.
  • På Gimle gard i Kristiansand blei det planta eit tre i juni 2019 i samanheng med avgangen til rektor Frank Reichert.[2]
  • På Lørenskog i hagen til Glenneveien 81. Treet blei tatt med som stikling frå National Seqouia park i California i 2010. Etter 3 år i potte blei det planta i hagen. I 2021 var treet ca. 7 m høgt og treivst godt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Vokser vilt på stor fot». www.bt.no (på norsk bokmål). Henta 26. desember 2020. 
  2. «Studentenes rektor takket av». Universitetet i Agder (på norsk). Henta 19. juni 2019. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]