Albitt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Albitt

Albitt frå Kreta, skala = 2,5 cm
Generelt
Kategoriplagioklas, feltspat, tektosilikat
Kjemisk formelNaAlSi3O8 eller Na1.0–0.9Ca0.0–0.1Al1.0–1.1Si3.0–2.9O8
KrystallsymmetriTriklinisk H–M Symbol 1
Einingscellea = 8.16 Å, b = 12.87 Å, c = 7.11 Å; α = 93.45°, β = 116.4°, γ = 90.28°; Z=4
Identifikasjon
FargeKvit til grå, blåaktig, grønaktig, raudaktig, kan vere iriserande
KrystallformKrysstallar som regel lagdelte, spreiande aggregat, korna, kløyvbar massiv
KrystallsystemTriklinisk pinakoidal
TvillingVanlegvis polysyntetisk strekk på {001} eller {010}
KløyvPerfekt på {001}, særs god på {010}, ufullkomen på {110}
BrotUjamn til muslig
Mohs hardleiksskala6 – 6.5
GlansGlasaktig, typisk perleaktig langs kløyva
StrekfargeKvit
TransparensTransparent til gjennomskinnneleg
Spesifikk vekt2.60 - 2.65
Optiske eigenskapar
Optiske eigenskaparToaksa(+)
Brytingsindeksnα = 1.528 – 1.533 nβ = 1.532 – 1.537 nγ = 1.538 – 1.542
2V-vinkel85-90° (low); 52-54° (high)
Andre eigenskaparEin har observert strukturendringar ved låge og høge temperaturar
Kjelder[1][2][3]

Albitt er eit mineral i feltspatgruppa.[4] Det er endeleddet i plagioklas-serien med mindre enn 10 % anortitt. Kjemisk formel for albitt er NaAlSi3O8. Det er eit nettverkssilikat.

Albitt krystalliserar med trikliniske pinakoidale former. Spesifikk gravitet er 2,62 og hardleik 6. Albitt dannar nesten alltid tvillingar som ein ofte kan sjå som tynne parallelle striper på krystalloverflata. Albitt opptrer ofte som fine parallelle striper som alternerer med rosa mikroklin i perthitt, som følgje av utfelling av smeltemasse ved avkjøling.

Albitt finst i granitt og pegmatitt samt i enkelte hydrotermale sprekker.

Albitt vart først skildra i 1815 for ein førekomst i Sverige. Namnet er frå latin, albus for den typiske kvite fargen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Albitt