Hopp til innhald

Alcalá de Henares

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Alcalá de Henares
by
Flagg
Våpenskjold
Land  Spania
Region Madrid
Høgd 588 m
Areal 88 km²
Folketal 200 702 (2024)
Postnummer 28.801-28.807
Kart
Alcalá de Henares
40°28′55″N 3°21′51″W / 40.481815°N 3.364305°W / 40.481815; -3.364305
Wikimedia Commons: Alcalá de Henares

Alcalá de Henares er ein by i Spania. Det historiske sentrumet i byen er ein del av verdsarva til UNESCO og eit av dei første bispedøma i Spania vart grunnlagd her. Han ligg i den autonome regionen Madrid, 35 km nordaust for byen Madrid, 588 meter over havet. Han har i overkant av 200 000 innbyggjarar og er den nest største byen i regionen etter den spanske hovudstaden.

Namnet «Alcalá de Henares» tyder ‘Citadellet ved [elva] Henares’.

Byen vert ofte berre kalla «Alcalá», medan «de Henares» vert nytta for å skilje han frå fleire andre byar med same namn.

Byen har vore busett sidan koparalderen. Romarane erobra området på første hundreåret fvt. og bygde byen Complutum nær den tidlegare keltiberiske busetnaden Iplacea. Dermed var han den einaste romarbyen i regionen rundt Madrid. Med 10 000 innbyggjarar nådde han status som Municipium og hadde fleire institusjonar. Etter at Romarriket fall, kom byen under vestgotarane. Han vart mindre viktig, men ein del pilegrimar kom hit for å vitje St. Justo og Pastor.

Tårnet på den gamle borga Alcalá La Vieja.
Foto: Raimundo Pastor

Maurarane erobra den vestgotiske byen i 711, og grunnla ein ny busetnad. Dei bygde ein al-qal'a, som tyder «citadell» på arabisk, på ein nærliggande ås, i dag kjend som Alcalá la Vieja (Gamle Alcalá). Den 3. mai 1118 vart han erobra attende av erkebiskopen av Toledo Bernardo de Sedirac for Castilla. Dei kristne kalla han Burgo de Santiuste og busette seg i den opphavlege romerske byen, medan den arabiske vart forlaten. Byen vart avstått til bispedømet i Toledo. Fram til slutten av reconquistaen hadde den kristne byen både ein jødisk og ein maurisk bydel, samt kjende marknadsplassar. Den sentrale plasseringa gjorde at kongane av Castilla ofte vitja byen når dei var på reiser.

Ein gong i 1480-åra hadde Kristoffer Columbus det første møtet med kong Ferdinand og Isabella, som finansierte reisa hans til Amerika.

Byen vart hardt råka under den spanske borgarkrigen.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Alcalá de Henares