Hopp til innhald

Aldeburgh

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Aldeburgh
by
Land  England
Region Suffolk
Distrikt Suffolk Coastal
Folketal 2 466 (2011)[1]
Postnummer IP15
Retningsnummer 0 1728
Kart
Aldeburgh
52°09′N 1°36′E / 52.15°N 1.6°E / 52.15; 1.6
Wikimedia Commons: Aldeburgh

Aldeburgh er ein by i Suffolk i England. Han ligg ved, og har namn etter, elva Alde. Festningen som var opphavet til den andre delen av namnet, burgh, har som ein stor del av tudorbyen forsvunne i havet på grunn av erosjon.

På 1500-talet var Aldeburgh ei viktig hamn, og hadde stor skipsproduksjon. To av skipa til Francis Drake, «Greyhound» og «Pelican» (sistnemnde fekk seinare namnet «Golden Hind») vart bygd der. I 1608 skal «Sea Venture», flaggskipet til Virginia Company, ha vorte bygd i Aldeburgh. Byen møtte nedgangstider då Alde mudra til slik at større skip ikkje lenger kunne segle på elva. Aldeburgh gjekk over til å vere ein fiskarlandsby inntil 1800-talet, då staden byrja å tiltrekke seg turistar. Mange av bygningane der er frå perioden då turismen tiltok.

Moot hall i Aldeburgh
The Moot Hall

Aldeburgh sin moot hall er ein bindingsverksbygning som har vorte brukt til byrådsmøte i meir enn 400 år. Han rommar no òg eit lokalt museum. Byen har òg eit martellotårn med ei unik form.

Like ved byen, i landsbyen Snape, blir det kvart år halde ein festival for klassisk musikk i kulturbygningen Snape Maltings. Aldeburghfestivalen vart grunnlagd i 1948 av Benjamin Britten, Eric Crozier og Peter Pears. Britten og Pears døydde i Aldeburgh i høvesvis 1976 og 1986.

Diktaren George Crabbe vart fødd i byen i 1754, og Aldeburgh inspirerte dikta hans «The Village» og «The Borough».

Aldeburgh var den første byen i Storbritannia som valde ein kvinneleg borgarmeister; Elizabeth Garrett Anderson vart vald i 1908. Byen var eit valdistrikt for parlamentsvalg frå 1571, med to representantar. Berre delar av innbyggjarane, Freemen, hadde røysterett, og han vart rekna som ein roten valkrins. Under reforma i 1832 mista han begge representantane, og vart innlema i ein større krets.

Stranda fekk i 2005 blått flagg. Rett sør for han ligg Orford Ness, som er ein populært camping- og fiskestad og kan nåast via ein tursti frå Aldeburgh.

Rett nord for byen, nær Leiston, ligg Sizewell atomkraftverk.

  1. «Key Statistics»; utgjevar: Office for National Statistics; avsnitt, vers eller paragraf: Table KS101EW (Usual resident population) and Table KS105EW (Household composition); vitjingsdato: 23. juni 2025.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Aldeburgh