Bindingsverk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bindingsverkhus i friluftsmuseet Den Fynske Landsby i Odense i Danmark.

Bindingsverk er nemning for ein måte å byggje ytterveggane i hus på. Bindingsverket i ein vegg er bygd opp av horisontale tresviller i botn og topp med trestenderar (vertikal støtter) mellom, ofte supplert med skrå avstivingar. Eldre bindingsverk vart ofte bygd av tømmer i grove dimensjonar, sett saman utan bruk av spikar, men trepluggar, og ved hjelp av metodar som til dømes tapping, bladning og kamming. Mellomromma vart vanlegvis utmura med teglstein, i gamal tid med flettverk som var tetta med leireklining. Ofte var trekonstruksjonane synlege, men kunne òg vere dekka av mur eller murpuss.

Bindingsverkhus i Hornburg i Tyskland.
Bindingsverkvegg med ulikt utfyllingsmateriale.
Bindingsværk
Nybygging av vegg i bindingsverk.
Anatomigården ved Christiania torv i Oslo er eit hus i utmurt bindingsverk innanfor det eldste byområdet, der om lag 50 % av bygningane midt på 1700-talet var i bindingsverk. Fasadane er forblenda og pussa, så bindingsverket er berre synleg i gavlane.

Soga[endre | endre wikiteksten]

Bindingsverk er ei metode som har vore nytta i heile Vest-Europa, utvikla i mellomalderen med utgangspunkt i forhistoriske stolpekonstruksjonar. Bindingsverk utmurt med teglsteinsmur vart vanleg i seinmellomalderen, og det vart bygd slike hus framover mot 1900-talet, jamvel i byar som kravde at husa vart bygde i mur for å hindre bybrannar.