Aleksandr Jelizarov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Aleksandr Jelizarov
Елизаров.jpg
Aleksandr Jelizarov i 2011
Fødd 7. mars 1952
Sosnovoborsky District
Yrke skiskyttar, trener
Aleksandr Jelizarov på Commons

Aleksandr Matvejevitsj Jelizarov (fødd 7. mars 1952) er ein tidlegare skiskyttar, fødd i landsbyen Vjazovka i Penza oblast, som representerte Sovjetunionen. Han vann OL-gull 1976 og VM-gull 1977 med sovjetiske stafettlag, i alt tok han seks VM-/OL-medaljar i åra 1975-77.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Jelizarov tok sølvmedaljen på 10 km under VM i skiskyting 1975 i Antholz, einast slått av landsmannen Nikolaj K. Kruglov. Seinare i meisterskapen gjekk dei to utøvarane på Sovjetunionen sitt sølvlag i 4 x 10 km stafett.

Få dagar før Vinter-OL 1976 tok til i Innsbruck, arrangerte det internasjonale skiskyttarforbundet VM i skiskyting 1976 i italienske Antholz. 10 km sprint var einaste VM-øvinga, sidan ho ikkje hadde kome inn som OL-øving. VM-tevlinga enda med tre sovjet-utøvarar på pallen; Aleksandr Tikhonov vann 3,3 sekundar føre Jelizarov, med Nikolaj K. Kruglov på bronseplass. Under dei olympiske leikane i Innsbruck gjekk Jelizarov fyrst inn til bronsemedalje på 20 km, før han gjekk startettappen for Sovjetunionen i skiskytingsstafetten. Etter ein godt gjennomført etappe fylgde Ivan Bjakov, Kruglov og Tikhonov opp med solide etappar, dermed kunne sistnemde passere mållinja nærare fire minuttar føre Finlands sølvvinnar.

I sitt siste internasjonale meisterskap, VM i skiskyting 1977Vingrom, vart Jelizarov nummer 17 på 10 km, men fekk gå startetappen for Sovjetunionen i 4 x 7,5 km stafett. Saman med Aleksandr Usjakov, Nikolaj K. Kruglov og Aleksandr Tikhonov tok stafettgull framom Finlands mannskap.

Jelizarov vart sovjetmeister på 10 km i 1973 og 1975.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]