Aleksandr Laktionov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Aleksandr Laktionov

Verkeleg namn Александр Иванович Лактионов
Statsborgarskap Sovjetunionen
Fødd 16. mai 1910
Rostov-na-Donu
Død

15. mars 1972 (61 år)
Moskva

Yrke kunstmålar, grafikar, kunstlærar
Språk russisk
Sjanger portrett
Medlem av Sovjetunionens kunstnerforbund
Aleksandr Laktionov på Commons
Minnefrimerke teikna av Aleksandr Ivanovitsj Laktionov

Aleksandr Ivanovitsj Laktionov (16. mai 191015. mars 1972) var ein tiljubla målar i etterkrigstidas Sovjetunionen. Hans nøyaktige og nærast fotografilike stil var svært populær, men hausta motbør frå kunstkritikarar og andre kunstnarar.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Laktionov var fødd i Rostov-ved-Don og studerte ved Leningrad kunstakademi 1926-29 og seinare,1938-44, tok han etterutdanning. Laktjonov var elev av målaren Isaak Brodskij og var påverka av Brodskijs tekniske og realistiske tilnærming, i samsvar med tradisjonane til dei gamle meistrane. Laktionovs gjennombrotsarbeid var Eit brev frå fronten (1947), eit verk som fanga den rådande tidsstemninga i Sovjetunionen etter den store fedrelandskrigen. Det er eit svært optimistisk verk, bada i ein varm glød, og er kjenneteikna ved sitt fråvære av konflikt, noko som vart motiv i Laktjonovs seinare arbeid og i den sosialistiske realismen generelt.

Laktionov vart mest berømt for sine sjangermåleri, så som Inn i eit nytt husvære (1952) og Sørgd for alderdomen (1958-60). Desse samvitsfullt realistiske verka målar eit overveldande positivt bilete av sovjet-samfunnet, framstillingar som for mange menneske må ha vore i klar kontrast med den røynlege kvardagen. Desse måleria var svært populære hos det store publikum, trass i ein meir blanda kritikk. Kritikken botna i hovudsak i at Laktjonovs merksemd mot detaljen, skygde for det kunstnariske uttrykket til gunst for naturalismen.

Trass i dette hadde Laktjonov mange støttespelarar i det statlege kulturbyråkratiet, som støtta hans nasjonalistiske og optimistiske handsaming av emnet for måleriet. Dette sikra Laktjonov ein svært suksessrik karriere og tilgang til å omgåast folk i det høgste sjiktet i sovjet-samfunnet. I sine seinare leveår fekk Laktjonov i oppdrag å måle portrett av mange av dei leiande skodespelarane, kirurgane, soldatane, politikarane og kosmonautane, attåt eit særleg berømt portrett av sjølvaste kamerat Stalin.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]