Aleksandr Nevskij

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Aleksandr Nevskij

Freske frå 1666 av Aleksandr Nevskij i Erkeengelkatedralen i Kreml i Moskva.
NamnАлекса́ндр Яросла́вич Не́вский, Aleksandr Jaroslavitsj Nevskij
Fødd13. mai 1220
FødestadPereslavl-Zalesskij
Daud14. november 1263
DødsstadGorodets
Yrkeherskar, militær leiar
Helgendag23. november

Aleksandr Nevskij (13. mai 122014. november 1263) var storfyrste av Novgorod og Vladimir gjennom nokre av dei tøffaste tidene i russisk historie. Han blir ofte framstilt som ein frontskikkelse i det mellomalderske Russland, og er kjent for å blant anna ha leidd store militære sigrar over invaderande, tyske hærar og Den gylne horden.

Militær karriere[endre | endre wikiteksten]

Aleksandr Nevskij i slaget på isen. Illustrasjon frå 1500-talet.

Aleksandr var fødd i Pereslavl-Zalesskij som den fjerde sonen til fyrst Jaroslav Vsevolodovitsj, og såg ikkje ut til å nokon gong få krav på trona. I 1236 blei Aleksandr likevel vald av novgorodarane til å vera fyrste og den militære leiaren deira. Den største oppgåva hans blei då å forsvara dei nordvestlege delane av Vladimir mot svenskane og tyskarane.

Etter at den svenske hæren var komne dit elvene Izjora og Neva møter kvarandre den 15. juli 1240, gjekk Aleksandr til åtak med den vesle hæren sin, og vann. Dette slaget blir i dag kalla slaget ved Neva, og den militære bragden gjorde at den 19 år gamle Aleksandr fekk tilnamnet Nevskij, som tyder 'frå Neva'. Denne sigeren kom berre eitt år etter den katastrofale mongolske invasjonen av Kievriket, og styrka den politiske makta til Aleksandr, men samstundes forverra han òg tilhøvet hans til bojarane. Han måtte snart forlata Novgorod og bu i eksil på grunn av denne konflikten.

Etter at Pskov var blitt invadert av dei herjande riddarane frå Livland, sende styresmaktene i Novogorod bod på Aleksandr. Våren 1241 kom han attende frå eksil, samla ein hær, og dreiv ut livonarane. Aleksandr og mennene hans kjempa mot det godt trena livlandske kavaleriet under leiing av Hermann, bror til Albert av Riga. Aleksandr og hæren hans møtte fienden på isen av innsjøen Tsjudskoje, og knuste riddarane i slaget på isen den 5. april 1242.

Aleksandr sin siger er ei viktig hending i mellomalderhistoria. Russiske infanteristar hadde omringa og slått ein hær av riddarar med tjukke rustningar og hestar, lenge før vesteuropearane lærte seg korleis infanteri kunne slå kavaleri. Dødstala i dei russiske krønikene varierer kraftig frå berre nokon få daude livlendarar til fleire hundre.

Internasjonale tilhøve[endre | endre wikiteksten]

Etter den livlandske invasjonen heldt fram Aleksandr å styrkja stillinga til Novogorod i nordvest. Han sørgde òg for å senda diplomatar til Noreg, og som eit resultat av dette blei den første fredsavtalen mellom Russland og Noreg underskriven i 1251. Aleksandr leidde hæren sin til Finland, og dermed til svenskane som hadde prøvd å skilja Russland frå Austersjøen i 1256.

Aleksandr utmerka seg som ein langsiktig politikar. Han nekta å underkasta seg pavestolen,[1] og avslo alle forslag frå Roma om at han måtte erklæra krig mot Den gylne horden, fordi han forstod kor meiningslaus endå ein krig mot tatarane var på ei tid då dei stod i ein så sterk posisjon.

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Helgenbilde av Aleksandr Nevskij ved Fjodorovskij-domkyrkja i Tsarskoje Selo

Aleksandr Nevskij blei kanonisert av den russisk-ortodokse kyrkja i 1547. Aleksandr Nevskij-klosteret i St. Petersburg blei bygd av Peter den store i 1710, og leivningane til Nevskij blei lagde der.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Aleksandr Nevskij». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 25. februar 2020. 

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Isoaho, Mari. The Image of Aleksandr Nevskiy in Medieval Russia: Warrior and Saint (The Northern World; 21). Leiden: Brill Academic Publishers, 2006 (innbunden, ISBN 90-04-15101-X).