Russisk historie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
'Bronseryttaren'. Skulptur av Peter den store i Sankt Petersburg.

Russisk historie er mangfelt og omfattar ei rekkje statsdanningar.

Mellomalderen[endre | endre wikiteksten]

800- og 900-talet[endre | endre wikiteksten]

Dei første austslaviske statsdanningane – Novgorod og Kievriket – kom til på 800-talet. Austslavarane innførte kristendommen i den ortodokse forma si frå Bysants rundt 990. I 1236 sette den store mongolinvasjonen inn og Kiev-Russland gjekk i oppløysing. Gradvis tok Moskvariket, som også låg under mongolane, over leiinga blant dei austslaviske statsdanningane.[1]

1000-talet[endre | endre wikiteksten]

  • 1015-1019 - Svyatopolk I
  • 1019-1054 - Jaroslav den Vise
  • 1037 - Jaroslav den Vise byggjer St. Sofia-katedralen i Kiev
  • 1043 - Bygging av St. Sofia-katedralen i Novgorod startar
  • 1050 - Rus får rettar til å velja eigen biskop
  • 1093-1113 - Svyatopolk II

1100-talet[endre | endre wikiteksten]

1200-talet[endre | endre wikiteksten]

1300-talet[endre | endre wikiteksten]

1400-talet[endre | endre wikiteksten]

Tsarrike[endre | endre wikiteksten]

1500-talet[endre | endre wikiteksten]

I 1547 tok Ivan IV tittelen tsar (keisar). Under han blei tsarmakta styrkt og rikt utvida langs Volga heilt ned til Kaspihavet og inn i Sørvest-Sibir. Ikkje-russiske folkeslag hamna dermed innanfor grensene.

1600-talet[endre | endre wikiteksten]

På 1600-talet ekspanderte Russland vidare inn i Sibir og nådde Stillehavet. Under tsar Peter den store blei Russland prøvd europeisert. Austersjøkysten blei erobra. Under Katarina II, som var inspirert av opplysingstida, heldt moderniseringa fram.[1]

1700-talet[endre | endre wikiteksten]

1800-talet[endre | endre wikiteksten]

På 1800-talet blei tsarmakta utfordra av liberale og radikale idear, og veksla sjølv mellom autoritære og meir liberale periodar. I siste halvdel av 1800-talet blei liveigenskapet oppheva, jernbanen utbygga og ei industrireising påbyrja.

Revolusjon[endre | endre wikiteksten]

1900-talet[endre | endre wikiteksten]

1905-revolusjonen førte til ei kortvarig demokratisering. I mars 1917 braut den russiske revolusjonen ut, og tsaren abdiserte. I november same året tok bolsjevikane makta. I 1918–1920 fann det stad militær intervensjon frå ei rekkje land, blant dei Storbritannia, Frankrike og Japan, og det var borgarkrig mellom «raude» og ulike «kvite» grupperingar. Bolsjevikane gjekk av med sigeren. Eit ettpartistyre med kommunistpartiet i spissen blei innført. I 1922 blei Sovjetunionen oppretta, med Russland som ein delrepublikk.[1]

I 1929 blei den første femårsplanen sett i verk. Landbruket blei kollektivisert og industri blei reist i stor skala. I 1934–1939 blei det gjennomført massive utreinskingar i kommunistpartiet, dei såkalla Moskvaprosessane. Einsretting og frykt prega samfunnet. Tyskland angreip Sovjetunionen i 1941. Sovjetunionen lei enorme tap, men stod likevel igjen som ei supermakt etter andre verdskrigen. Etter krigen blei Sovjetunionen del av den kalde krigen, spenningstilstanden mellom aust og vest. I 1956 blei det gjennomført ei oppmjuking av styremåten og sensuren blei gjort mindre streng (glasnost og perestrojka). I siste halvdel av 1980-talet blei det igjen tatt initiativ til reformer ovanfrå.[1]

Sovjetunionen blei oppløyst i 1991 på initiativ av presidentane i Russland, Kviterussland og Ukraina. Det post-sovjetiske Russland var det første tiåret prega av kraftig fall i levestandarden og ei kjensle av institusjonell kollaps, men også politisk pluralisme.

Etter 2000[endre | endre wikiteksten]

  • 2004 – Vladimir Putin attvald som president

Sidan 2000 har breie lag av befolkninga fått betra levestandard. Dei politiske og administrative institusjonane har stabilisert seg. Samtidig gjorde autoritære reaksjonsmønster seg gjeldande frå styresmaktene si side.[1]

Sjå også[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]