Aleksej Navalnyj

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Aleksej Navalnyj

Fødenamn Алексей Анатольевич Навальный
Statsborgarskap Sovjetunionen, Russland
Fødd 4. juni 1976
Butyn Sjå dette på Wikidata
Død

16. februar 2024 (47 år)
Straffekoloni nr. 3, Jamalo-Nenetsk Sjå dette på Wikidata

Yrke politikar, advokat, aktivist, bloggar, offentlig person, aktivistaksjonær, youtubar, filmregissør, speaker, manusforfattar, gründer, politisk fange, jurist, samvittighetsfange
Organisasjon Organisasjon til bekjempelse av korrupsjon, Aeroflot
Språk russisk
Høgd 1,89 meter
Politisk parti Jabloko, Fremskrittspartiet, Russlands fremtid
Medlem av Koordinasjonsrådet for den russiske opposisjon, Yale World Fellows
Religion ortodoks
Far Anatoly Navalny Sjå dette på Wikidata
Mor Lyudmila Navalnaya Sjå dette på Wikidata
Ektefelle Julija Navalnaja Sjå dette på Wikidata
Born Dania Navalnaja, Zakhar Navalnyj
Prisar Årets navn, FP Top 100 Global Thinkers, Prize of the Platform of European Memory and Conscience, Time 100, Gold Play Button, Courage Award, Premija Borisa Nemtsova, Knight of Freedom Award, Sakharovprisen, M100 Media Award, The BOBs, Silver Play Button, Civil Courage Prize, Günter-Wallraff-Preis für Journalismuskritik, Bambi-prisen
Signatur
Aleksej Navalnyj på Commons

Aleksej Anatolievitsj Navalnyj (4. juni 197616. februar 2024) var ein russisk politisk aktivist. Han vart kjend gjennom den russiske bloggosfæren og i massemedia på grunn av sosiale kampanjar. Han nytta sjølv den populære LiveJournal-bloggtenesta for å skrive og organisere kampanjar. I hovudsak handla desse kampanjane om korrupsjonen i landet og korleis politiske leiarar og statlege verksemder vanvørda dei russiske lovene. Han skreiv òg i vanlege russiske media som Forbes Russland.

Navalnyj vart arrestert den femte desember i 2011 og dømd til 15 dagar i fengsel.

Etter arrestasjonen vart bloggen hans gjord tilgjengeleg på engelsk. Omsettinga til engelsk vart gjord av aktivistar som ville ha internasjonale reaksjonar og press mot Russland og samstundes beskytte Navalnyj mot dei russiske styresmaktene.

Han vart kalla Russlands Erin Brockovich av Time Magazine og vart Årets namn i Vedmostii 2009. Navalnyj var ein av leiarane under demonstrasjonane i Moskva mot parlamentsvalet i 2011.

Den 20. august 2020 vart Navalnyj innlagd på sjukehus i kunstig koma i Omsk i Sibir etter å ha vorte sjuk under ein flytur til Moskva. Navalnyjs pressesekretær hevda han vart forgifta på flyplassen i Tomsk før avgang. 22. august vart han flogen til Tyskland for behandling.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Kalajdzic, Pedja (21. august 2020), «Navalnyj kan få behandling i Tyskland», NRK (på norsk bokmål), henta 22. august 2020 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]