Aleutar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Aleutmor med barn frå Attu.
Foto: Malcolm Greany, 1941

Aleutar (aleut blir uttalt /aleˈut/) er ei urfolksgruppe i Alaska frå øygruppa Aleutane. Det aleutiske pråket tilhøyrer den eskimoisk-aleutiske språkfamilien og har nokre få hundre talarar. Engelsk og i russiske område russisk er dominerande språk i dag.

Næringslivet blant aleutar er basert på kommersielt fiske. Tidlegare var fangst av sjøpattedyr viktig, men etter at rusarane kom til Aleutane på 1700-talet, måtte mange ta opp pelsdyrfangst i staden. Særleg havoter var ettertrakta. Den russiske koloniseringa førte til ein dramatisk reduksjon i folketalet til aleutane. Russarane påverka også religionsforma, som blei russisk-ortodoks, og kyrkjespråket, som blei russisk. Også mange skandinavar slo seg ned blant aleutane blei innlemma i samfunnet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]